Hopp til innhold

Fann ut at ho var sjuk – og då losna det

FØRDE (NRK): Karoline Holsen Kyte (24) hadde i fleire år vanskar med å komme i form på grunn av anemi. No er ho Norges beste i motbakkeløp – og klar for EM-debut.

Karoline Holsen Kyte spring over gangbrua ved Hafstad vidaregåande skule

HARDØKT: Karoline Holsen Kyte varmar opp over gangbrua i Førde før si siste intervalløkt framfor EM-debuten i Slovenia. I mange år hadde ho anemi - eller blodmangel, men fekk fart på karrieren då ho fann ut av problema.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Eg har ikkje konkurrert så mykje dei siste tre åra. Men så fann eg ut at eg hadde anemi. Då losna det. Eg er overraska over kor bra det har gått, seier Karoline Holsen Kyte.

Førde-løparen har så langt denne sesongen vunne alle fire løpa i norgescupen, og har på rekordtid etablert seg som den beste motbakkeløparen i landet.

Men det var tilfeldig at medisinstudenten fann ut av problema ho sleit med.

– Eg melde meg på eit forskingsprosjekt, og då kom det fram at eg hadde gått med jarnmangel i mange år utan å vite om det. Då fekk eg fiksa det, seier 24-åringen.

Karoline Holsen Kyte

BEST I NORGE: Karoline Holsen Kyte har vunne dei fire første løpa og leiar norgescupen i motbakkeløp samanlagt.

Foto: Privat

EM-deltaking er rein bonus

Holsen Kyte er på fleire måtar reine kometen i motbakkesirkuset. Ho dreiv med langrenn i yngre alder, men bestemte seg i slutten av tenåra for å satse på motbakkeløp.

– Det er god trening for langrenn, minst like moro - og langt mindre tungvint å drive med, og no har eg gjort det best i motbakke, seier ho.

No leiar Holsen Kyte norgescupen. Ho får ikkje med seg det femte og siste løpet, og har dermed ikkje sjanse til å vinne samanlagt. Men det har uansett gitt ho EM-billett.

– Eg har aldri drøymt om at eg skulle komme til eit EM, men etter at eg vart med på norgescupen i mai såg eg at eg hadde sjansen. Då bestemte eg meg for å prøve, så det er moro å klare det, seier motbakkeløparen.

Karoline Holsen Kyte i Førde

GLER SEG: Karoline Holsen Kyte vil ikkje spekulere i medaljesjansane under EM, men er innstilt på å gjere sitt beste.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Er medaljekandidat i debuten

No er Holsen Kyte ein av tre norske kvinner som reiser til EM. Dei andre er jølstringen Eli Anne Dvergsdal og Anita Iversen Lilleskare frå Bergen. I Slovenia møter dei eit startfelt på over 200 løparar.

Det er berre to år sidan Dvergsdal tok sølv i EM , men i år har Holsen Kyte vore den beste i Norge. Ifølgje friidrett.no må ho tole å vere ein seriøs utfordrar i debuten.

– Ho har knust løyperekordane rundt om med solid margin. Om form og alt klaffar kan Karoline godt kjempe om EM-medalje på laurdag, seier Jostein Hatteberg i motbakkeutvalet i friidrettsforbundet til nettstaden.

Sjølv torer ho ikkje å gå ut med konkrete ambisjonar. Debuten vil uansett gi verdifull røynsle. For på så sikt er ho lysten på å bli ein av dei beste løparane i verda.

– Eg håpar å kunne etablere meg på eit bra nivå og vere blant dei beste internasjonalt. Det er høge mål, men det må eg ha. Så får vi sjå korleis det går, seier ho.