Hopp til innhold

Denne helga kan han rykke ned med to lag

– Helga kan bli konge, eller heilt elendig, vedgår Henrik Furebotn.

Henrik Furebotn

TO NEDRYKK: Henrik Furebotn kan rykke ned med både Fredrikstad og Sogndal i år. I verste fall kan det skje allereie denne helga.

Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

Årdølen både trur og håpar det ikkje skjer, men i år kan Henrik Furebotn rykke ned med to fotballag.

Sogndal-spelaren er på lån i Fredrikstad. Begge laga kan bli degradert allereie denne helga.

– Det er ikkje noko særskilt kul situasjon å vere i, seier 31-åringen.

Følgjer Sogndal heim

Første matchballen er i dag. Tap for Notodden betyr 2. divisjon for Fredrikstad neste år.

Laster innhold, vennligst vent..
Henrik Furebotn

SOGNDAL: Henrik Furebotn har halvanna år att av kontrakten med Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I morgon reiser Furebotn som tilskodar til Stabæk med håp om bortesiger og ein kjekk busstur heim til Sogn. Tap sender Sogndal ned i 1. divisjon dersom Aalesund slår Sarpsborg. Om ikkje blir serieavslutninga heime mot Vålerenga avgjerande for om også Sogndal må ut i kvalifisering for å halde plassen i eliteserien.

– Eg satsar på at eg kjem frå 1. divisjonsfest med Fredrikstad og piffar Sogndal opp til siger på Nadderud. Då blir det ein bra busstur heim, seier Furebotn.

– Bestemmer ikkje alt

Det er fleire spelarar som opplever både opp- og nedturar etter klubbyte. Rosenborg-spiss Samuel Adegbenro er til dømes sikra seriegull etter overgangen frå nedrykksklare Viking.

Anders Trondsen kan bli seriemeister med Rosenborg og cupmeister med Sarpsborg 08.

To nedrykk på ein sesong er ikkje noko Furebotn ynskjer på CV-en. Slik som Kent Karlsen opplevde med Vålerenga og Haugesund i 2000. Eller Azar Karadas, som i 2014 spelte for begge nedrykkslaga, Sogndal og Brann.

– Det er ikkje alt ein bestemmer sjølv, konstaterer Furebotn.

Vondt og frustrerande

Årdølen starta sesongen som kaptein i Sogndal. Samstundes som han har kjempa for å halde Fredrikstad i 1. divisjon, har det vore frustrerande å sjå lagkameratane i Sogndal kjempe om fornya kontrakt i eliteserien.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det har vore vondt å sjå dei tape og ikkje få utteljinga dei har fortent i ein del kampar, men eg får ikkje gjort anna enn å håpe, seier han.

Trur på «happy ending»

Om det ser dystert ut no, trur Furebotn på ein lukkeleg slutt på sesongen for «sine lag». Først med siger i dag.

– Den sjansen er veldig stor. Vi klarte 0–0 heime og scorar vi eitt mål på bortebane, så må dei score to. Men vi må vere på tå hev om vi skal berge plassen, seier han.

– Og Sogndal?

– Eg trur dei klarer kvalifiseringa, om dei får seg ein siger mot Stabæk eller Vålerenga. Aalesund skal møte to lag i medaljekampen, Sarpsborg borte og Godset heime. Det blir tøft for dei. Sogndal har gode sjansar i begge sine siste kampar.

Laster innhold, vennligst vent..