Hopp til innhold

Gaular-selskap deltek i bergingsaksjon

Då bergingsmannskapa i Storbritannia trengde helikopterhjelp til det grunnstøytte skipet «Höegh Osaka», måtte få hjelp i Gaular.

Airlift hjelper til med berginga av "Höegh Osaka"

MÅTTE FINNE KRAFTKAR: Airlift har fått jobben med å fly utstyr og folk til og frå lasteskipet 'Höegh Osaka' under bergingsaksjonen.

Foto: Steve Parsons / Pa Photos

– Vi tykkjer det er litt artig at vi har fått eit slikt oppdrag. Litt spesielt er det, seier administrerande direktør i helikopterselskapet Airlift, Kurt Opseth.

3. januar grunnstøytte det norske frakteskipet «Höegh Osaka» like utanfor Southampton. Ifølgje Mail Online er det 1.200 Jaguarar og Land Roverar om bord, i tillegg til ein Rolls-Royce, 65 Miniar og 105 anleggsmaskiner frå JCB.

Kapteinen grunnstøytte skipet med vilje då det stod i fare for å kantre. Det er det norske reiarlaget Höegh Autoliners som eig lasteskipet.

Ein kraftkar av dei sjeldne

Skipet ligg no med over 30 graders slagside på Bramble Bank. Det danske bergingsselskapet Svitzer pumpar vatn inn i tomme drivstofftankar for å få slagsida til å minke.

Årsaka til at det nettopp er det norske selskapet Airlift som har fått oppdraget med å flyge utstyr og folk til og frå skipet i bergingsaksjonen, er enkel.

Helikopteret, som går under namnet «Obelix», er av typen Super Puma og ein kraftkar av dei sjeldne.

– Helikopteret kan løfte fire tonn. Årsaka til at vi fekk oppdraget er kombinasjonen av helikopteret, utstyret og kompetansen som våre pilotar har, seier Opseth.

Det var med andre ord få andre som kunne gjere jobben like utanfor Southampton.

– Det finst eit slikt helikopter i Sveits også, men dei har ikkje moglegheit til å vinsje. I Storbritannia finst det ikkje helikopter med liknande kapasitet som det «Obelix» har, seier Opseth.

Created by InfoDispatcher

Måtte vente på godt flyvêr

Opphavleg ville Svitzer ha helikopteret over til havaristen så raskt som råd. Men dét sette vêret ein effektiv stoppar for.

– Det var ikkje flyvêr, så vi kom oss ikkje av garde før tysdag for halvanna veke sidan, seier Opseth.

Fire personar frå Airlift er med på oppdraget.

– Vi veit ikkje heilt kor lenge det vil ta. Det endrar seg frå dag til dag, seier Opseth, som legg til at oppdraget kom på eit gunstig tidspunkt.

– Vinteren er tradisjonelt lågsesong for oss. Å få eit oppdrag som dette er uansett svært hyggeleg, seier Opseth.

«Höegh Osaka» er 180 meter langt og 32 meter breitt, og kan frakte meir enn 5.400 personbilar. Det grunnstøytte skipet tek ikkje inn vatn.