Hopp til innhold

Delte meiningar om fusjonstilråding

Meiningane er delte etter at rektor ved høgskulen i Sogn og Fjordane torsdag tok til orde for å starte fusjonsforhandlingar med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Ingrid Moe Albrigtsen og Tord Dale

USAMDE OM FUSJON: Leiar i studentparlamentet Ingrid Moe Ingebrigtsen, og Tord Dale, tidlegare politikar og no tilsett i Maritimt Forum.

Foto: EVa Marie Felde/ / NRK

– Dette er godt nytt for Sogn og Fjordane, og det er godt nytt for Vestlandet som ein sterk næringsregion i Norge, som skal drive mykje teknologisk utvikling, seier Tord Dale, sogndøl, tidlegare politikar og no tilsett i Maritimt Forum.

Dale har tidlegare markert seg som ein sterkt kritikar av dei som har ivra mest for at høgskulen i fylket må halde på sjølvstendelina.

– Det er viktig å hugse på at dei ungdomane som går på høgskulen i Sogn og Fjordane, dei skal i endå større grad ut og konkurrere på ein global arbeidsmarknad der det å ha god kvalitet i utdanninga blir endå viktigare. Då meiner eg at det å bygge ei sterk eining på Vestlandet er viktigare enn å tenke at ein skal vere ein liten institusjon for seg sjølv.

Skuffa studentar

Men ikkje alle deler synet til Dale. Blant studentane i Sogndal fall ikkje tilrådinga frå rektor i like god jord.

– Vi er naturleg nok ganske skuffa, seier Ingrid Moe Ingebrigtsen, som er leiar for studentparlamentet.

Høgskulerektor Rasmus Stokke har kome med si tilråding. No er det opp til høgskulestyret å ta si avgjerd. Det gjer dei 4. februar. Onsdag slo studentar og tilsette bokstavleg tala ring rundt skulen . Ei fersk undersøking blant studentane syner at nær ni av 10 studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje ønskjer at skulen skal gå i fusjonsforhandlingar med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

– Vi ser ikkje poenget med å gå i fusjonsforhandlingar når dei aktuelle partane er så like at vi sit med dei same utfordringane, seier Moe Ingebrigtsen.

Sterkare forskingsmiljø

Dale har full forståing for at det oppstår uro når det kjem til diskusjon om samanslåing.

– Det er jo slik at ein kjenner det ein har, og det kjennest trygt. Det som er nytt og ukjent det kjennest utfordrande. Uansett vil høgskulen i Sogn og Fjordane vere ein svært liten institusjon om ein står åleine, seier Dale.

Dale er klar på kva han meiner vil vere fordelane ved ein fusjon.

– Vinsten er at ein klarer å bygge eit større og sterkare forskingsmiljø, der ein legg til rette for raskara kunnskapsutveksling på Vestlandet. Det er den aller viktigaste vinsten når ein skal drive utdanning og forsking, nettopp at ein legg til rette for kvalitet i forskinga og kunnskapsutveksling noko som ikkje minst er viktig næringslivet i fylket, seier Dale

Blant studentane er derimot skepsisen stor til kva ein eventuelt har vinne på å slå seg saman.

– Høgskulen gjer det utruleg godt på den primæraktiviteten dei driv med, som er utdanning og undervising. Dei har svært god statistikk på det, og det er det viktigaste for oss studentar. Du må gjerne få meir forsking, og forsking inn i undervisinga, men då nyttar det ikkje å sette undervisingsressursar på spel, seier Moe Ingebrigtsen.