Hopp til innhold

Rektoren vil ha fusjonsforhandlingar

Høgskulerektor Rasmus Stokke vil at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal starta fusjonsforhandlingar med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Rasmus Stokke

VIL GÅ I FORHANDLINGAR. Rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det er høgskulestyret som neste torsdag skal ta endeleg stilling til om dei skal gå inn i forhandlingar om ein ny stor vestlandshøgskule. Stokke meiner ein del viktige faktorar har endra seg sidan i sommar.

– Hovudgrunnen er at vi har utfordringar framfor oss som høgskule. Det er ei utvikling innan høgare utdanning som går i retning av å tilby fleire og fleire utdanningar på masterstudium. Dette utfordrar oss. Det gjer det aktuelt å gå inn i større einingar og ha større fagmiljø.

– Men vil ikkje det at du har gått inn for fusjonsforhandlingar vere med på å låse prosessen og styre prosessen i retning av ein fusjon?

– Jau, det vil fort føre til det. Det er grunnen til at vi har brukt så mykje tid og krefter på å greie ut saka og skaffe oss kunnskap.

– To tunge signal

Det tidlegare høgskulestyret gjekk inn for at Høgskulen i Sogn og Fjordane skulle vere sjølvstendig. Stokke seier det er ein del ting som har skjedd sidan sist haust som gjer at han no forlet denne linja.

– Det har kome forslag til nye forskrifter for godkjenning av utdanningane, det tel veldig sterkt. Vi ser korleis ein blir satsa på som ein liten høgskule. Det er to tunge signal som har kome i løpet av hausten som gjer at vi må sjå meir på det å gå inn i ein større institusjon.

– Kor avgjerande har omsynet til det å greie å få til ei femårig lærarutdanning vore for avgjerda di?

– Det er ikkje til å legge skjul på at det ligg tungt bak avgjerda, for lærarutdanninga skal frå 2017 bli masterutdanning, og vi får skjerpa krav til å få godkjent masterutdanning. Dette er vi nøydde til å ta alvorleg, for lærarutdanninga vil vi ha i fylket, den er viktig for Sogn og Fjordane.

– Nøydde til å bli satsa på

Då styresmaktene i fjor delte ut stipendiatstillingar vart desse berre gitt til høgskular som var fusjonsviljuge. Dei høgskulane som var skeptiske fekk ingen. Seinare har den forskingspolitiske talsmannen i Høgre sagt at dette ikkje bør ligge til grunn når høgskulane skal ta stilling til fusjon eller ikkje.

Rektor Rasmus Stokke vedgår at redsla for å misse ressursar likevel har spelt inn.

– Vi legg merke til det som har skjedd. Skal vi vekse og utvikle oss framover er vi nøydde til å bli satsa på, for inntektene våre kjem frå Staten. Det er vekst i studieplassar, utdanningar, stipendiatstillingar og forsking som vil føre oss framover.

– Sjølvråderetten viktig

– Sjølvråderetten var avgjerande for det forrige høgskulestyret. Set du ikkje den på spel med di tilråding?

– Jau, det ser eg, og det er eit sterkt argument for å vere varsam med å gå i fusjon. Svaret får vi først når vi går inn i forhandlingar og dialog. Det blir eit veldig viktig spørsmål kor stort sjølvstende vi kan få innan ein fusjonert institusjon.