Hopp til innhold

Dei trekkjer seg og refsar fylkeskommunen

Sjå innslaget i Vestlandsrevyen, der fleirtalet i fylkestinget i Sogn og Fjordane får det glatte lag.

Avtroppande styreformann Reidar Sandal og avtroppande konsernsjef Dagfinn Neteland i Fjord1 er svært kritiske til måten Fjord1 vart seld på.

Foto/red: Jørgen Eide.

Reidar Sandal og Dagfinn Neteland kunngjorde i dag at dei trekkjer seg som styreleiar og konsernsjef i Fjord1. Det gjer dei etter at eit fleirtal på 16 mot 15 i fylkestinget vedtok å selje selskapet til Torghatten.

I innslaget kjem dei med krass kritikk mot administrasjonen i fylkeskommunen og fleirtalet i fylkestinget.