Styret og direktøren i Fjord1 trekkjer seg

Dei aksjonærvalde styremedlemmane og administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, trekkjer seg, og kjem med krass kritikk av fylkeskommunen.

Dagfinn Neteland og Reidar Sandal

TREKKJER SEG: Både administrerande direktør Dagfinn Neteland og styreleiar Reidar Sandal trekkjer seg, og kjem i ei pressemelding med skarp kritikk av majoritetseigaren Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Grete Roska / NRK

I pressemeldinga der dei offentleggjer si avgjerd om å trekkje seg, kjem dei med skarp kritikk av prosessen som har leia til at fylkeskommunen på måndag selde Fjord1 til Torghatten.

Med avgjerda 16 mot 15 i fylkestinget i Sogn og Fjordane, kjøper dermed Norges nest største trafikkselskap det største ferjeselskapet. Torghatten har om lag 8,2 milliardar i årleg omsetnad og 4500 tilsette, medan Fjord1 har 1300 tilsette og omsette for 2,3 milliardar i fjor.

I tillegg til administrerande direktør Dagfinn Neteland, trekkjer følgjande styremedlemmar i Fjord1 seg: Reidar Sandal (Styreleiar), Heidi Kathrin Osland, Nils R. Sandal, Lars Birkeland og Jan Kildal.

– Det er eit drastisk steg, men etter nøye vurdering og lang drøfting har vi kome til at det er den einaste mogeleg løysinga. Vi har ikkje blitt kjent med vesentlege element i saka, verken før vedtaket vart gjort eller etterpå. Denne situasjonen meiner vi er så utilfredsstillande at vi ikkje har noko val. Vi må gå, seier styreleiar Reidar Sandal til NRK.

– Uheldig for selskapet

Styret peikar på at dei i møte med fylkeskommunen 16. november var tydelege på at «direkte eller indirekte overdraging av eigarinteresser til ein konkurrent tener verken selskapet eller aksjonærselskapet».

Styret og administrerande direktør meiner dei har fått for lite å seie i prosessen med salet.

– Den behandlinga vi har fått den siste perioden, med ikkje å bli lytta til og ikkje få uttale oss om kva vi synest om forslaget, går langt over streken. Ikkje minst behandlinga av minoritetsaksjonæren, kan eg ikkje identifisere meg med. Eg må berre ta avstand frå det, og kan ikkje vere ein del av dette, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland til NRK.

– Vedvarande motsetnadsforhold

Styret føler seg utelate frå prosessen som har leia fram til salet, ein kritikk dei også har framført tidlegare.

– I den lange perioden som Sogn og Fjordane fylkeskommune har brukt på å greie ut og vurdere eigarposten med tanke på eit eventuelt sal, har selskapet aldri vore spurd om kva som vil vere til det beste for Fjord1, skriv dei i pressemeldinga.

Redde for konflikt i rettsapparatet

Neteland og styret er også redd for rettssaka som minoritetseigar Havilafjord og Per Sævik har varsla.

Gjennom selskapet Havilafjord eig han 41 prosent av aksjane i Fjord1. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig dei resterande 59 prosent av aksjane. Sævik meiner han har forkjøpsrett på aksjane Torghatten no kjøper, og seier har sagt han vil ta saka heilt til høgsterett. Direktøren og styret fryktar ei langvarig strid i rettsapparatet

– Ein konflikt for domstolane mellom eigarane vil vere skadeleg for Fjord1 AS.

– Tek avgjerda til etterretning

Fylkesordførar Jenny Følling, som representerer majoritetseigaren i Fjord1, fylkeskommunen, gir styret skryt.

– Eg tek avgjerda deira til etterretning. Eg har hatt tillit til styret, og rosar dei for ein god jobb for å rette opp og levere gode resultat for Fjord1, seier ho til NRK.

– Det vedtaket de gjorde om sal kan vel vanskeleg oppfattast som noko anna enn ein direkte mistillit mot styret i Fjord1 og administrerande direktør?

– Styret har hatt tillit, og har gjort ein god jobb. Fylkestinget har handsama eigarspørsmålet.

– Dei kjem med krass kritikk for måten det har handtert mange aspekt av denne saka på?

– Vi må ta avgjerda deira til etterretning og handtere saka deretter, seier fylkesordføraren.

– Tar du på nokon måte sjølvkritikk for måten fylkeskommunen har handtert denne saka?

– Fylkestinget har tatt ei avgjerd, og den avgjerda lyt fylkeskommunen stå for.

– Det var eit fylkesting delt på midten som tok avgjerda?

– Det er fylkestinget sitt vedtak, seier Følling.