Hopp til innhold

Dei ofrar tid og krefter for å finne og hjelpe

Dei firar seg ned i tronge juv, dei vandrar ut i stryk og søkjer etter menneske som er forsvunne. Denne veka var redningsgruppene i aksjon igjen.

Elveleiting Haukåsen i Sogndal

TØFF OPPGÅVE: Mannskap frå elveredningsgruppa i aksjon i Klarelvi på Kaupanger.

Foto: Privat

10. mai forsvann ein 37 år gamal mann då han var på tur på Haukåsen i Sogndal. Store styrkar blei sett inn i leitinga og sist laurdag blei elveredningsgruppa til Sogn og Fjordane Røde Kors sett i arbeid. Saman med den alpine redningsgruppa frå Jostedal, finkjemma dei den stupbratte Klarelvi frå fjellet og heilt ned til fjorden.

– Vi er jo del av ein friviljug organisasjon der vi bidreg med det vi kan, anten for å finne folk som er vekke slik at pårørande kan få ei grav å gå til, eller om vi kan hjelpe med å berge folk som er i live. Det er det medmenneskelege som driv oss og dei andre organisasjonane, som til dømes dei alpine redningsgruppene, seier fagleiar for elveredning i Sogn og Fjordane Røde Kors, Sølve Kiviranta, til NRK.

Elveleiting Haukåsen i Sogndal

BRATT: Elveredningsgruppa hadde eit tett samarbeid med den alpine redningsgruppa under aksjonen.

Foto: Privat

Får skryt av politiet

Det blei ikkje gjort noko funn laurdag, og leitinga etter den sakna mannen er førebels innstilt. Men politiet er svært nøgd med innsatsen til alle dei frivillige som ofrar tid og krefter på å delta når behovet melder seg.

– Frå politiet si side er det heilt avgjerande for at vi skal får gjere vår jobb, at vi har med oss desse gode hjelparane. Dei kan ikkje få nok ros, sa regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen til NRK før helga.

I leite- og redningsaksjonar er det politiet sin innsatsleiar som kallar ut dei ulike ressursane. For Kiviranta er det viktig med eit godt samverke mellom både offentlege og friviljuge organisasjonar.

– Veldig krevjande

Det er veldig viktig at politiet har oversikt over tilgjengeleg kompetanse slik at ulike oppdrag blir løyst med størst mogleg grad av tryggleik, nøyaktigheit og effektivitet.

Elveredningsgruppa i Sogn og Fjordane har høgt utdanna medlemer frå heile fylket, og er alltid raskt på plass dersom det er naudsynt å søkje i elv etter sakna personar. Men uansett, så må dei først vurdere sin eigen tryggleik før dei set i gang.

– I den elva her så var det veldig krevjande. Med den topografien vi har i Sogn og Fjordane, så blir det veldig fort bratt, glatt og utilgjengelege elvar vi må søkje i, seier Kiviranta.

Elveleiting Haukåsen i Sogndal

UTFORDRANDE: Dei frivillige i elveredningsgruppa i Sogn og Fjordane har teke dei høgste kursa, og set alltid eigen tryggleik først.

Foto: Privat

– Spelar kvarandre gode

Han kan ikkje få fullrost nok samarbeidet elveredningsgruppa har med dei alpine redningsgruppene, og ikkje minst det samarbeidet dei fekk til sist fredag i det bratte og ville terrenget på Kaupanger.

– Vi spelar kvarandre gode. Dei er fantastisk gode når det gjeld tau og sikring, og vi har vår hovudkompetanse på elv. Når vi samverkar og jobbar i lag, då kan vi få til slike oppdrag som dette. Veldig effektivt, trygt og godt.

Avgjerande med samarbeid

Sander Buene frå Jostedal alpine redningsgruppe var ein av dei som var med på leiteaksjonen laurdag. Han meiner at det er heilt avgjerande at det er eit godt samarbeid mellom dei ulike redningsgruppene. At det er frivillig arbeid er også viktig, meiner Buene.

– For min del så er det nok at dersom det skjer noko med meg når eg er ute, så vil eg gjerne ha hjelp. Så då tenkjer eg at då får eg bistå med min kompetanse der eg kan, så får eg satse på at andre gjer det same. Det er mykje folk i fjellet, så det er greitt å vite at dersom ein treng hjelp, så kan ein få det.

Samarbeid

SAMARBEID: Mannskap frå den alpine redningsgruppa i Jostedal og elveredningsgruppa i Sogn og Fjordane jobba tett saman under leiteaksjonen.

Foto: Privat