Hopp til innhold

Familien ber folk med tips om å kontakte politiet

Familien takkar alle som har leita etter Christer. – Det har varma og gitt oss energi, seier familien

Leitar etter Christer

TA KONTAKT MED POLITIET: Familien oppmodar folk om å kontakte politiet dersom dei har sett Christer.

Foto: Privat

– Vi ber alle i området rundt Haukåsen og Kaupanger om å ta ein ekstra kikk i alle uthus, hytter, garasjar og under tre og busker etter Christer, seier søstera til den sakna 37-åringen, Gro Charlotte F Sraidi.

Ho har lat ut ei oppmoding på Facebook om at folk må fortsette å leite etter broren som har vore sakna sidan måndag ettermiddag. Store leitemannskap og redningsfolk har leita etter mannen etter at han forsvann frå følgjet som var på tur i området.

– Det viktigast for oss er å finne han, seier ho.

Har ikkje vore åleine før

Ho understrekar at han er ein stor mann på 180 cm og lys i luggen. Då Christer forsvann var han kledd i ei kapri-bukse, og i bar overkropp. Han var på tur med folk frå institusjonen han bur på i Leikanger då han brått forsvann.

Leitar etter Christer

SAKNA: Familien håpar folk kan ha tips om Christer.

Foto: Privat

– Han har aldri vore i ein situasjon han har vore åleine før, så vi veit ikkje kva han gjer. Vi veit ikkje om han vil ta kontakt med folk.

Politiet endra status i søket etter mannen torsdag til antatt omkommen. Ho ønskjer ikkje å snakke om korleis tida har vore, men seier det er tøft.

Takkar alle som har leita

Familien kan ikkje få takka inderleg nok alle som har delteke i leitinga etter Christer.

– Vi er så ufatteleg takksame for all innsats og alle som har leitt i alle dagane. Det var nesten litt uforståeleg at så mange har stilt opp, av leitemannskap og frivillige. Det har vore heilt overveldande.

Familien oppmodar folk som veit noko eller kan ha sett han til å kontakte politiet på 02800.