Hopp til innhold

Finkjemmer elv i søket etter sakna

Spesialtrente mannskap skal laurdag søke i Klarelvi, frå fjell til fjord, etter den sakna 37-åringen i Sogndal.

Innsatsleiaren frå politiet fortel leitemannskapar kvar dei skal fortsetje søket.

HAR KALLA INN EKSPERTAR: Politiet håpar laurdag å få søkt i alle kulpar i elva som går ned fjellsida frå Haukåsen. Biletet er frå tidlegare i veka.

Foto: Christian Blom

Mannen som budde på ein institusjon i Sogn, har vore sakna sidan han kom bort frå eit turfølge på Haukåsen måndag kveld.

– Vi har i dag organisert eit søk i Klarelvi vest for øvre og nedre Haukås. Det blir søkt frå skogsvegen om lag 500 m.o.h. og ned til fjorden, opplyser innsatsleiar Stein Helge Selland ved Vest Politidistrikt til NRK.

Omfattande søk heile veka

Stein Helge Selland

LEIAR AKSJONEN: Innsatsleiar Stein Helge Selland i Vest politidistrikt. Arkivfoto

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Sidan måndag kveld har det vore leita med store ressursar i det populære turområdet i fjellet rundt Sogndal lufthamn Haukåsen.

I tillegg til hundar og helikopter har mellom 60 og 100 personar, mange av desse frivillige, delteke kvar dag i søket.

Regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen rosa fredag dei frivillige sin innsats. Før helga gjekk aksjonen inn i ein ny fase, der ein ikkje lenger har håp om at den sakna er i live. Leitinga har no gått over til søk etter antatt omkomen.

Elveredningsgruppe og klatrarar

Ifølgje Selland vil ein ikkje ha behov for hjelp frå frivillige sivile laurdag. Mellom anna av omsyn til tryggleiken.

– Vi har med oss sju personar frå elveredningsgruppa i Eid, og fire frå Sogndal. Vi har også med oss representantar frå alpin redningsgruppe i området, som skal hjelpe oss med sikring av mannskapet. Dette er folk med spesialkompetanse. Det er ikkje noko for frivillige.

Innsatsleiaren skildrar søkeområdet som utfordrande, men seier vêrtilhøva er optimale.

Politihelikopter på plass i Sogndal for å hjelpe til i leitinga etter sakna mann.

STORE RESSURSAR: Både redningshelikopteret frå Florø og politihelikopteret frå Gardermoen har deltatt i søket tidlegare i veka.

Foto: Christian Blom

– I dag har vi vêret med oss, så vi får eit lettare søk ved at det er mindre vassføring i elva. Det vil lette arbeidet for elveredningsgruppa med å søke gjennom alle kulpar. Det er krevjande lende. Elva er 1,2 kilometer lang og har i snitt 40 grader helling. Det er mykje juv og smale der ein må setje tryggleiken i høgsetet.

Avsluttar truleg laurdag

Etter seks dagar med søk, og ei pinsehelg som står for døra, ser det ut til at laurdag blir siste dag med søk om det ikkje blir gjort funn.

– Slik det ser ut, viss ikkje noko anna kjem fram, så er det nok det, ja, seier innsatsleiar Stein Helge Selland.