NRK Meny
Normal

Dei køyrer 810 km for verkeleg å få køyrt seg

Førde volleyballklubb får motstand dei verkeleg må bryne seg på i sesongoppkøyringa. Denne helga møter dei fleire av Nordens beste lag i Sverige.

Gutta på tur

LANGT: Jan Egil Tvinde (t.h.) har teke spelargruppa si 810 kilometer til Sverige for å få naudsynt god motstand for spelarane sine. – Det var fleire turneringar, både i Norge, Sverige og Danmark, men her får vi best motstand, seier Tvinde.

Foto: privat

I løpet av helga står svenske Hylte/Halmstad, Falkenberg, Orkelljunga og danske Gentofte på andre sida av nettet i førsesongturneringa i Sverige.

– Både Falkenberg og Gentofte er to av dei beste laga i Sverige og Danmark. Dei har vore med og over mange år gjort det bra i Nordic League. Dette er den beste preseason-turneringa som er i Norden i år, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Gløymer resultat

Det er også årsaka til at Førde valde vekk andre turneringar i Norden, og heller tek klubbussen dei 810 kilometerane til Falkenberg – ein time sør for Göteborg. Turen starta dei på torsdag ettermiddag. Allereie i klokka 18 i kveld går dei første servane frå Førde-spelarane. Motstandar er Falkenberg.

Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes

GÅR FOR MEDALJE: Med Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes på laget går fjorårets tabellseksar for medalje i årets eliteserie i volleyball.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I helga vil Tvinde prøve å leggje vekk konkurranseinstinktet.

– Det gjeld å klare å sjå litt vekk frå resultata, og heller sjå på lagsamansetjing og utvikling. Vi stiller heilt nytt lag, så vi må finne ut kva som er gode oppstillingar for oss. Hovudmålet er å utvikle oss som lag, seier Tvinde.

Har lagt lista for i år

Med mange nye spelarar, blant desse dei heimvende Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes, trur trenaren at det kan ta tid før laget får sett seg skikkeleg.

Med minimum åtte økter for veka trenar spelarane vesentleg meir, og meir strukturert, enn i fjor. Då reiste dei heller ikkje på treningsleir.

I samråd med spelarane har klubben sett måla for sesongen 2015/2016 før Koll vitjar Førdehuset til serieopning 11. oktober.

– Vi er samstemde på at målsetninga er å komme til cupfinalen, å hamne blant dei tre beste i serien og komme til finalen i sluttspelet. Eg meiner dette er ambisiøst, seier Tvinde.

– Kva manglar for at de skal kunne utfordre og slå Nyborg?

– Målet er fullt mogleg å oppnå, men det er ambisiøst i den grad at det ikkje blir noko vi kan cruise inn til. Eg meiner vi har godt nok lag til å matche og slå Nyborg, men det er ein lang sesong og det vil kvile tungt ansvar på mange unge spelarar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.