Hopp til innhold

Dei kjempa hardt mot dumping i fjorden – no har dei godteke bota dei fekk

Dei ti fjorddeponi-aksjonistane som før jul vart dømde i Fjordane tingrett, godtek no bota. Det skremmer ikkje andre miljøvernarar frå å prøve sine bøter for retten.

Tiltalebenken i fjordane tingrett

TILTALTE: Ti av dei 70 aksjonistane som ikkje godtok bota etter engebøaksjonen har no fått ei rettskraftig bot.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Aksjonistane var dei første av kring 70 som ikkje godtok bota etter aksjonane mot dumping av gruveavfall i Vevring i Naustdal i februar i fjor, og som må svare for seg i Fjordane tingrett.

Like før jul vart ti aksjonistar dømde til å betale mellom 10 og 22.000 kroner, i tillegg til sakskostnader til det offentlege.

– Dei er ikkje samde i avgjerda, elles hadde dei godteke bota tidlegare. Men det tek tid og krefter frå andre ting og dei fann det best å akseptere avgjerda, seier forsvarar Randi Spydevold.

Fleire må møte

Ingrid Skjoldvær

GODTEK: – Eg kjem til å bruke tid på å betale ned bota, men eg står framleis inne for det eg gjorde, seier leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær.

Nærast dagleg i tre veker var politiet i Vevring for å fjerne aksjonistar som protesterte mot den planlagde gruvedrifta i Engebøfjellet. I alt 86 personar vart arresterte og bøtelagde for over ein million kroner til saman .

Aksjonistane som ikkje godtek bøtene skal puljevis bli framstilte for retten. Det er førebels uvisst når neste pulje må møte i retten.

Leiar i Natur- og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, er ei av dei som no må ta tida til bruk for å betale ned bota etter aksjonane i Vevring.

– Vi hadde i utgangspunktet ganske små sjansar for å vinne, og vil ikkje bruke meir tid på å ta bota vidare i retten. Men vi vil halde fram arbeidet med å få stogga sjødeponiet i Førdefjorden, seier ho.

Aksjonerer på Engebøfjellet

AKSJONERTE: Over 80 personar som deltok vart arresterte under aksjonane i februar i fjor. Enkeltpersonar samla inn over 300.000 kroner som no skal fordelast til dei bøtelagde.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Prøver likevel

Sett i lys av avgjerda til tingretten, er det framleis fleire av dei Skjoldvær kjenner som vil ta bota til tingretten. Enkeltpersonar samla inn over 300.000 kroner som no blir fordelt på dei bøtelagde.

– Det er fleire som har lyst å ta saka til retten av prinsipielle grunnar, for dommen no viser at det ikkje er noko å tape på det. Bota vart akkurat den same, seier ho og legg til at andre meddommarar kan komme til ei anna avgjerd.

– Men truleg blir resultatet det same, seier ho.

Kan bli anna utfall

Forsvarar Spydevold vil ikkje oppmode sine klientar til å godta bøtene før dei hamnar i retten.

Randi Hagen Spydevold

FORSVARAR: Randi Hagen Spydevold representerte dei ti første aksjonistane som måtte i retten etter protestane i Vevring i februar i fjor.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Det er opp til kvar enkelt å vurdere, men ut frå skadane som blir påført naturen, så kan eg sjå at dei ut frå samvittigheitsgrunnar vil prøve det for retten for å synleggjere usemje og eigne synspunkt, seier ho.

– No har det falle dom, og er det ikkje då stor sjanse for at den skaper presedens?

– Det er det, men dei fleste har sjølvstendige synspunkt på dette og gjer sine eigne vurderingar. Dei har handla på ulike måtar, så det er ikkje dermed sagt at sjølv om desse vart dømde, så vil dei andre li same skjebne.