Hopp til innhold

Politiet skriv ut bøter for over ein million kroner

Vest Politidistrikt skriv ut 103 bøter etter den tre veker lange demonstrasjonen mot fjorddeponiet i Førdefjorden utanfor Vevring i Naustdal.

Aksjonistane i Vevring

AKSJONERTE: Nærast dagleg i tre veker var politiet i Vevring for å fjerne aksjonistar som lenka seg fast til Nordic Mining sine anleggsmaskiner i Engebøfjellet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Aksjonane forseinka prøveboringa til gruveselskapet Nordic Mining. Selskapet har varsla søksmål mot demonstrantane.

I alt 86 personar vart bøtelagde. Av desse fekk 17 personar to førelegg.

– Kvar bot er på 10 000 kroner, så det skulle bli til saman 1 030 000 kroner, seier fungerande lensmann ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Magne Faleide.

Største sidan Alta

Aksjonistar på Engebøfjellet

LENKJER: Aksjonistane lova at aksjonane i februar er berre starten på deira motstand for fjorddeponiet i Førdefjorden.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Demonstrasjonen i Naustdal er den største sidan Alta-aksjonen i 1981, då meir enn 1 000 personar fekk til saman fem millionar kroner for sin protest mot utbygginga av Alta-Kautokeino vassdraget.

Dei fleste av bøtene i Naustdal har gått til medlemer i Natur og Ungdom. Leiar Ingrid Skjoldvær var sjølv blant dei som vart tekne to gonger.

Organisasjonen fryktar følgjene av eit fjorddeponi og meiner gruvedrifta er miljøkriminalitet.

– Nokre har vedteke bøtene, men dei fleste, inkludert meg sjølv, har ikkje godteke dei, sa Skjoldvær etter at dei avslutta den sivile ulydnaden.

I førre veke hadde tre personar vedteke førelegga, medan 12 nekta å godta dei.

Bøter som ikkje blir vedtekne hamnar hos tingretten for vurdering. Då fell også strafferabatten på 2 000 kroner per bot vekk. Mottakaren av bota risikerer også å måtte betale sakskostnader til det offentlege.

– Så får vi sjå kva tingretten seier til førelegga, seier Faleide.