NRK Meny
Normal

Aksjonistane frå Førdefjorden dømde

Aksjonistane som demonstrerte mot fjorddeponiet i Førdefjorden, er no dømde i Fjordane tingrett.

Paroler på Engebøfjellet

FÅR BØTER: Aksjonistane i får bøter på 10 000 12 000 etter aksjonane mot gruvedrift i Engebøfjellet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Aksjonistane nekta å betale bøtene dei fekk, og dermed gjekk saka til retten. Aktor hadde lagt ned påstand om 12.000 kroner for kvar aksjon dei blei arresterte for. Fjordane tingrett har no dømd dei tiltalte til bøter på mellom 10.000 og 22.000 kroner, i tillegg til sakskostnader.

Ni av dei domfelte hadde gjennomført to aksjonar og er dermed dømt til bøter på totalt 22.000 kroner.

– At vi no blir idømde store bøter i eit forsøk på å hindre eit sterkt kritisert og forureinande gruveprosjekt er trist. Vi meiner gruveprosjektet til Nordic mining er miljøkriminalitet, og vi vil stogge prosjektet der styresmaktene har svikta, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.

Ingrid Skjoldvær

MILJØAKSJONISTAR: Ingrid Skjoldvær leiar Natur og Ungdom. Ho er skuffa over at retten ikkje høyrde på deira argument i saka, og dømte aksjonistar til bøter mellom 10-22.000 kroner kvar.

Hevda naudrett

Under rettssaka som varte i to dagar, hevda aksjonistane at det var naudrett.

Det betyr at dei meiner handlinga er gjort for å redde ein person eller gods frå ein fare som elles er uunngåeleg, ifølge alkunne.no.

Dei ti aksjonistane var uroa for konsekvensane den planlagde gruva i Engebøfjellet og sjødeponi i Førdefjorden vil ha for miljøet.

– Vi er ganske skuffa over at retten ikkje høyrde på argumenta våre. Vi har aksjonert for å hindre miljøkriminalitet i stor skala, som vi meiner det å dumpe gruveavfall i Førdefjorden er.

Politiadvokat Erling Melvær er ikkje overraska over dommen.

– Dommen i høve til skuldspørsmålet var som forventa. Høgsterett la til grunn i 1981 at ein ikkje kan fritakast for straff ved sivil ulydnad, seier Melvær.

Erling Melvær

POLITIADVOKAT: Erling Melvær representerte politiet i Fjordane tingrett.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Julepresang som svir

Under aksjonane på Engebøfjellet i februar stogga aksjonistane prøveboringa til Nordic Mining fleire timar dagleg i tre veker. 86 aksjonistar vart arresterte og fjerna av politiet.

Gjertrud Øvretveit frå Gaular er Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, og er ein av dei som vart dømt til å betale bot.

– Det står ganske skjørt til med demokratiet vårt når privatpersonr må legge kroppane sine i mellom for å protestere, meiner ho.

Øvretveit angrar ikkje på at ho aksjonerte, sjølv om bota svir i lommeboka.

– Det blir ikkje enkelt å betale den. Men dette handlar om meir enn pengar. Pengar kan ikkje komme i første rekke når slike skumle ting blir planlagt, meiner Øvretveit.

Aksjonistane som møtte i retten i november meiner det viktigaste vidare er å fortsette arbeidet mot gruvedumping i Førdefjorden.

– Vi står saman med sterke fagmiljø, lokale og verksemder i området og seier at dumping av gruveslam i Førdefjorden ikkje er berekraftig. Dette kjem vi ikkje til å gi opp, seier Skjoldvær.

Aksjonistane har ikkje teke stilling til om dei skal godkjenne dommen, eller ta saka vidare.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.