Hopp til innhold

Dei gir opp storkommune i Nordfjord

Dei politiske forhandlingsutvala i Stryn, Hornindal, Eid og Gloppen er samde om å avslutte arbeidet med intensjonsavtale om å slå saman dei fire kommunene til éin felles kommune.

Sven Flo, Stig Olav Lødemel, Leidulf Gloppestad og Alfred Bjørlo

AVSLUTTAR ARBEIDET: Sven Flo i Stryn, Stig Olav Lødemel i Hornindal, Leidulf Gloppestad i Gloppen og Alfred Bjørlo i Eid jobbar ikkje vidare med planane om ein felles kommune i indre/midtre Nordfjord.

Foto: Pressefoto

– Årsaka var vel at vi begynte å diskutere dei to store utfordringane som vi visste vi ville komme. Det eine var namnet, som viste seg å vere uproblematisk, og det andre var kor kommunesenteret skulle ligge. Utfordringa blei så stor at det ikkje var vits i å gå vidare med det, seier Stig Olav Lødemel (H) som er ordførar i Hornindal.

Vil samarbeide tettare

Saman med ordførarane i Eid, Gloppen og Stryn er dei samde om at dei ønskjer å styrke samarbeidet, trass i at det ikkje blir ein storkommune.

– Det syntes rett og slett ikkje å vere mogleg å kome fram til full semje som gav grunnlag til ein kommune med eitt kommunesenter, men eg opplever at vi har ein veldig god tone mellom oss og har skapt eit godt grunnlag for eit tettare samarbeid, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

I staden arbeider blir det vidare arbeidd med intensjonsavtaler om å slå saman kommunene Stryn/Hornindal og Gloppen/Eid.

Meir samarbeid framover

Dei fire kommunane vil også parallelt med forhandlingane om intensjonsavtalar Eid/Gloppen og Stryn/Hornindal utarbeide ei felles samarbeidsplattform for alle fire kommunane.

– Stryn, Hornindal, Eid og Gloppen er ein region med over 20.000 innbyggjarar og eit sterkt næringsliv. Vi har eit stort uforløyst potensiale for vidare vekst som vi må stå sterkare saman om å utvikle - også i samarbeid med resten av Nordfjord og regionar nord og sør for oss, skriv dei i pressemeldinga.

– Bunde oss sterkare saman

Og sjølv om det ikkje blir nokon storkommune meiner dei at arbeidet dei har vore gjennom har vore til stor nytte.

– Det felles utgreiingsarbeidet vi har lagt ned i samband med kommunereformen har i seg sjølv bunde oss sterkare saman. Kommunereformprosessen mellom oss fire saman har difor vore viktig og matnyttig for vidare utvikling av regionen, sjølv om vi ikkje no vil gå vidare med planer om å slå oss saman til éin kommune med eitt felles kommunesenter, seier ordførarane.