Korleis skal kommunane vere i framtida? Følg debatten!

Kommunesamanslåing kjem anten vi vil det eller ikkje. Men kva skal dei nye kommunane eigentleg styre med?

Debatt om kommunesamanslåing

Jan Olav Gjerde, Jenny Følling, Olve Grotle og Alfred Bjørlo møtast til debatt om korleis kommunane i framtida skal sjå ut.

Vil vi få superkommunar som berre manglar ein utanriksminister frå å vere små nasjonalstatar, eller vil kommunane bli ribba for makt og mynde?

I dagsendinga til NRK Sogn og Fjordane kan du i dag følgje debatten om kommunesamanslåing.

Vi får besøk i studio av Jenny Følling som er leiar for kommunane sin interesseorganisasjon KS i fylket, sentralstyremedlem i same organisasjon i tillegg til å vere fylkesvaraordførar for Senterpartiet.

Førde-ordførar Olve Grotle frå Høgre kjem også. Han sit i Høgre sitt kommunalutval som har kommunalministeren sitt øyre.

Alfred Bjørlo er Venstre-ordførar i Eid, fylkespolitikar, landsstyremedlem og medlem i referansegruppa for ekspertutvalet til kommunaldepartementet som arbeidar med kommunereforma. Vi har også med Jan Olav Gjerde som er Ap-ordførar i Hyllestad og leiar i HAFS regionråd. Programleiar er Erlend Blaalid Oldeide.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.