Hopp til innhold

Dårleg internett går utover skulearbeidet

VIKSDALEN (NRK): Sogn og Fjordane har det dårlegaste internettet i landet. Den digitale utviklinga i skulen kan derfor by på utfordringar for skuleelevar.

Misnøgd med nettet

IKKJE NØGD: Øyvind Oppedal Hoff meiner nettet har blitt enda dårlegare i Viksdalen.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Det er nesten betre å gjere skulearbeidet med penn og papir, seier Øyvind Oppedal Hoff.

Han er bekymra for korleis det skal bli å vere skuleelev, viss enda meir blir digitalisert.

– Vi brukar nettet aktivt for å levere skulearbeid, og når du ikkje får tilgang på sida, får du ikkje levert oppgåvene i tide, seier Hoff.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.

Krav om digital kompetanse i læreplanen

Magnus Thue

RASK UTVIKLING: Teknologien blir viktigare i skulen framover, og alle burde ha skikkeleg internett seier Magnus Thue.

Foto: Marte Garmann

Digital kompetanse er eit krav i alle fag ifølge kunnskapsløftet og er ein av fem grunnleggande ferdigheiter.

– Det er om å gjere å få breiband overalt i landet. Vi har eit tilskot, og investeringane i bransjen har også auka. Men vi er framleis ikkje i mål, så det må vi jobbe vidare med, seier statssekretær Magnus Thue i kunnskapsdepartementet.

Ønsker midlar til digitalisering

– Vi har ønsker som ikkje blir oppfylt. Vi har ingen berbare datamaskiner, som kunne gjort oss meir fleksible, seier Torstein Hatlestad.

På Viksdalen barne- og ungdomsskule går det om lag 50 elevar. Dei må dele broderleg på dei 18 stasjonære maskinene som står på eit datarom. Sidan skulen er så liten, er det ofte at elevane på tvers av klassetrinn har undervisning saman. Då skulle dei gjerne brukt internett for å legge til rette undervisninga.

Torstein Hatlestad

ØNSKER MIDLAR: Torstein Hatlestad skulle gjerne hatt fleire midlar på skulen for å følge med i den digitale utviklinga.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Vi kunne laga undervisningsopplegg og lagt ut på nett i forkant, slik at elevane kunne budd seg før timen. Då kunne lærarane brukt tida på skulen til å rettleie, seier Hatlestad.

Det har blitt betre

Hatlestad meiner internettet på skulen har vore ganske stabilt det siste undervisingsåret. Problemet er ute i bygda, heime hos elevane.

– Den største utfordringa er at enkelte elevar har så dårleg nett heime at dei ikkje får levert heimearbeid på Fronter innan fristen, seier Torstein Hatlestad.