NRK Meny
Normal

Uroa over mindre pengar til breiband

I Sogn og Fjordane manglar framleis to av tre husstandar fullgodt internett. No vil regjeringa gi mindre pengar til utbygging i distrikta, det uroar forskarar og fylkeskommunen.

Viksdalen skule

IKKJE NETT: I Viksdalen kan heimeoppgåver på internett by på problem for elevane. Dei er ikkje åleine, heile seksti prosent av husstandane i fylket manglar fullgodt internett.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Sogn og Fjordane er eit av dei fylka med dårlegast tilgang til internett, og berre 30 prosent av husstandane har fullgod breiband. Torstein Hatlestad er IKT-lærar i bygda Viksdalen i Gaular. Han fortel at hastigheita på nettet i Viksdalen varierer.

Torstein Hatlestad

UTBYGGING: Torstein Hatlestad tar gjerne imot fiberbreiband i Viksdalen.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Eg har svært god hastigheit, for eg bur nær sentralen. Det er mange andre som har store problem. Vi ser det på skulen og, når elevane skal jobbe heime. Då hender det at dei ikkje får gjort det dei skal.

Heilt grunnleggande

Dei siste åra har Sogn og Fjordane fått ein stor del av pengane staten har delt ut til breibandutbygging. Grøtte seier at det er i ferd med å gjere nettilgangen i Sogn og Fjordane betre, men er uroa over at regjeringa no vil løyve mindre pengar.

– Det har vore ein kamp kvar einaste haust for å få opp løyvinga. Framleis håpar vi at det blir løyvd meir pengar enn det ser ut som no.

Dersom det skal bu folk i Sogn og Fjordane og i framtida er betre nettutbygging avgjerande meiner Ivar Petter Grøtte i Vestlandsforsking. Han meiner breibandtilgang til alle handlar om rettferd.

– Nettilgang bør ikkje dele samfunnet i A og B-lag. I tillegg så er det heilt grunnleggande for tilgang til statlege tenester, næringsutvikling og det å ha innbyggarar. Utan god nettilgang hamnar ein på sida av det siviliserte samfunnet.

Like viktig som veg

Yngve Hallen

200 MILLIONAR: Yngve Hallén meiner det bør løyvast minst 200 millionar til utbygging av breiband.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Styreleiar i Sogn og Fjordane næringsråd, Yngve Hallén, håpar det blir løyvd meir pengar til breibandutbygging neste år enn det regjeringa gjorde i sitt forslag til budsjett. Han er klar på at dagens nettsituasjon i Sogn og Fjordane er for dårleg.

– Vi må gjere noko med det. Breiband med høg hastigheit er nødvendig for verksemdene våre. Det er svært naudsynt infrastruktur og på mange måtar like viktig som veg kommunikasjon med fly.

Utfordrande topografi

Olav Skarsbø

2020: Trass at regjeringa vil løyve mindre pengar til breibandutbygging, trur Olav Skarsbø at alle i Sogn og Fjordane skal få breiband innan 2020.

Foto: Privat

Dei siste åra har internett blitt stadig viktigare. Både private og offentlege tenesteytarar baserer seg i aukande grad på digitaliserte tenester der internettilgang er nødvendig.

Sogn og Fjordane ligg etter resten av landet i breibandutbygging. Olav Skarsbø i fylkeskommunen seier at landskapet i Sogn og Fjordane er utfordrande.

– Vi er dårlegast, saman med Hedmark og Oppland. Sogn og Fjordane er eit topografisk utfordrande fylke, med lange fjordar og tronge dalar. I tillegg er det svært spreidd busetnad og det er svært dyrt å bygge ut nett i dei vanskelegaste områda.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.