Slutt på Dalsfjord-skandalen? Arkivfoto NRK
Fleirtalet er samansett av Sp, Ap, SV og Høgre, og dei går inn for fullfinansiering av bru over Dalsfjorden. Det gjer at utbetringa av riksveg 60 mellom Olden og Innvik må vente nokre år. Slik det ser ut no, er ikkje denne vegen fullfinasiert før etter 2015.
Semje om Bremanger-sambandet
Fullføringa av Bremanger-sambandet er og med. Denne prioriteringa er det ikkje diskusjon om.
Tautrekking om rassikring
Fleirtalet har etter ein god del tautrekking kome til at riksveg 55 i Fatlaberget mellom Sogndal og Leikanger må kome først av rassikringsprosjekta, saman med riksveg 53 Øvre Årdal - Årdalstangen og riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden i Jølster.
Gullringen med
Litt lengre ut i tid kjem det pengar til rassikring av riksveg 15 i Grasdalen på Strynefjellet, og til riksveg 55 mellom Skjolden og Gaupne i Gullringen. Der vil Luster kommune forskottere, slik at sjølve anleggsarbeidet ikkje treng vente til dei statlege kronene ligg på bordet.
Ungdomsmarkering for Dalsfjordbrua
Kring 80 ungdommar og eit 20-tals vaksne frå Dalsfjord-området var på plass i fylkestinget tysdag for å markere støtte til Dalsfjordbrua. Alle har raude t-skjorter med innskrifta "Bygg brua no" og "Dalsfjordbrua = framtid i HAFS".