Hopp til innhold

Må jobbe hardt for å lokke ungdommen

DALE (NRK): Den vidaregåande skulen i Fjaler må jobbe hardt for å lokke elevar til å flytte til bygda. Fleire fritidstilbod kan gjere Dale meir attraktivt, meiner hybelelev Magnus Bøyum.

Hybelelevar på omsyning i Dale sentrum

BLIR KJEND: Joar Kristoffersen (t.v.) og Magnus Bøyum (i gult) er nyinnflytta i Dale, og får ei omvising av dei lokalkjende.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Denne veka synte dei lokalkjende elevane hybelbuarane rundt i bygda si. Dette var ein del av skulen sitt initiativ for å skape eit attraktivt hybelmiljø.

– Eg trur det vert spanande, men eg har låge forventningar, seier nyinnflytta Bøyum.

Ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang

POSITIV: Ordførar Gunhild Berge Stang meiner skulen leverer godt på trivsel og miljø.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Dale vidaregåande skule har, i likskap med fleire andre skular, opplevd nedgang i søkjartalet, syner statistikk frå Opplæringskontoret. Ordførar Gunhild Berge Stang meiner dette heng saman med at folketalsgrunnlaget i Fjaler og dei kringliggjande kommunane er svakare enn rundt andre vidaregåande skular som Sogndal og Førde.

– Utfordringa ligg ikkje i det faglege tilbodet, men kanskje i det kulturelle, seier ordføraren.

Samansveisa miljø

Bøyum, som tidlegare har vore elev i Sogndal og budd i Førde, saknar det breie utvalet ein får i større tettstadar og byar. Likevel ser han også dei gode sidene ved eit mindre miljø.

– Det kjenst som om plassen er meir samansveisa, og at alle kjenner alle, seier førdianaren.

– Klassemiljøet er heilt fantastisk, med mange opne og inkluderande folk, seier Ola Rogne Graarud, som har budd på hybel og gått på skule i Dale i tre år.

Ola Rogne Graarud er nøgd med skulemiljøet i Dale

FANTASTISK: Elev Ola Rogne Graarud tykkjer skulemiljøet i Dale er fantastisk

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Graarud skryt også over eit tett samarbeid med lærarar, og han føler dei er lette å prate med. Likevel kjenner han også på mangelen på fritidstilbod.

– Etter eg slutta på fotballen for eit år sidan, har det vore lite å gjere utanom trene på treningssenter og slikt, seier Graarud

Satsar på trivsel

– Dei finn seg vener og er mykje sosiale, seier miljøkoordinator ved skulen Iren Løseth.

Ho kan fortelje at ho reiser på besøk til alle nye hybelbuarar for å gjere seg kjend og sjå korleis dei har det.

– Til no har ingen takka nei til tilbodet, smiler miljøkoordinatoren.

Til dømes hadde skulen i førre veke gratis middag til alle hybelbuarane som ein del av "Open skule"-prosjektet deira, då skulen er open for mellom anna fritidsaktivitetar, å gjere lekser og billig middagsmat.

Grafen under syner søkjartala frå dei siste åra på ei handfull skular i fylket.

Laster innhold, vennligst vent..

Utsett for kutt

Trass i gode resultat og, etter utsegna, godt skulemiljø, er Dale vidaregåande skule utsett for økonomiske kutt og flytting av klassar. 29 av dei 155 elevane ved skulen bur på hybel. Dette fører til at skulen, i tillegg til å ha eit lite befolkningsgrunnlag, får eit relativt lite tilflyttarmiljø.

Når omvisinga er ferdig, sit Magnus Bøyum att med meir kjennskap til Dale og tilboda som er der.

– Bygda har jo eigentleg alt me treng, men det hadde vore fint med eit større utval, seier Bøyum.