Hopp til innhold

Fryktar øysamfunnet blir fråflytta viss skulen i nabokommunen forsvinn

Blir Austrheim vidaregåande skule lagt ned, må elevar reisa i fire timar kvar dag, eller flytta. Ordføraren i Fedje fryktar familiane flyttar med.

Fedje.

FRYKTAR FRÅFLYTTING: – Frå øysamfunnet vårt er det ikkje mogleg å dagpendla til Knarvik. Så då er det snakk om å bu på hybel. I mange tilfelle vil då også foreldra flytta med, seier Fedje-ordførar Stian Herøy.

Foto: Fedje kommune

Nedlegging av Austrheim vidaregåande skule er på kollisjonskurs med prinsippa bak skulebruksplanen i Hordaland. Fylkesadministrasjonen har som mål at ingen skal ha meir enn éin time reiseveg til nærmaste skule.

Stian Herøy

Stian Herøy, ordførar i Fedje.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vedtar politikarane nedlegging, vil ungdommar frå Fedje få om lag to timar reisetid til den nærmaste vidaregåande skulen. Altså fire timar reisetid kvar dag. Det same gjeld elevane frå kommunane Gulen, Solund og delar av Masfjorden.

Fedje-ordførar Stian Herøy er uroa for fråflytting dersom fylkespolitikarane legg ned skulen i nabokommunen.

– Frå øysamfunnet vårt er det ikkje mogleg å dagpendla til Knarvik. Så då er det snakk om å bu på hybel. I mange tilfelle vil då også foreldra flytta med, seier Herøy.

Han seier kommunen er avhengig av barnefamiliar.

– Dei betyr veldig mykje for oss. Fråflytting for oss alle saman er alternativet, hevdar Herøy.

Kort reisetid ei målsetting

Ei reisetid på to timar kvar veg er altså det dobbelte av ambisjonen i forslaget til ny skulebruksplan.

– Det er ønskeleg at flest mogleg alternativ skal vera tilgjengelege utan at ein blir hybelbuar. Det er ei målsetting, seier opplæringsdirektør i Hordaland fylkeskommune, Svein Heggheim.

Han vil ikkje kommentera reisetida ved nedlegging av Austrheim vgs.

– Kva som blir det endelege forslaget, vil ikkje eg kommentera. Alle innspel må vurderast i ein totalsamanheng, så får vi sjå.

Administrasjonen har totalt gjort framlegg om å legga ned elleve skular og linjer.

Fryktar auka fråfall

Austrheim vidaregåande skule har i dag kring 260 elevar. Rektor Kjersti Haugland er uroa for konsekvensane av nedlegging.

Kjersti Haugland

Austrheim vgs-rektor Kjersti Haugland.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Moglegheita til å bu heime og fullføra eit utdanningsløp, fell bort for mange, konstaterer ho.

Rektoren fryktar auka fråfall.

– Med tanke på fråværsgrensene vi har fått no, er eg redd for at det er ein del som rett og slett fell av lasset før dei har kome seg på skulen, seier rektoren.

– Uakseptabelt

Høyringsperioden for fylkesadministrasjonen sitt forslag til ny skulebruksplan er over, og planen skal no bli behandla politisk. Onsdag var mellom anna politikarar, rektorar og representantar frå næringslivet samla til dialogmøte.

Saksordførar Aleksander Fosse Andersen (Sp) meiner reisetida det blir lagt opp til for elevar frå Fedje, Solund, Gulen og delar av Austrheim og Masfjorden, er uakseptabel.

Likevel vil ikkje Sp-politikaren garantera at skulen i Austrheim vert berga.

– Eg vel å ikkje meina noko om enkeltskular her og no. No skal vi gruppebehandla dette i eige parti, så skal vi gå i forhandlingar med samarbeidspartia våre, seier Andersen.