Hopp til innhold

Då gamalosten låg på bordet nytta Daniel (2) høvet

Daniel Lillehauge brukar vanlegvis berre å ete gamalost hjå besteforeldra, men nytta høvet då den dukka opp på bordet framfor han.

Sjølv om gamalost av mange vert rekna som ei av vestlandets flottaste delikatesser, er det helst vaksne som koser seg med den noko spesielle osten frå Vik. Men gamalosten har også nokre unge fans, slik som Daniel Lillehauge (2).

FRUKOST: Gamalosten skulle eigentleg bli frukost, men Daniel (2) hadde andre planar. (Foto: Privat)

Sjølv om gamalost av mange vert rekna som ei av vestlandets flottaste delikatesser, er det helst vaksne som koser seg med den noko spesielle osten frå Vik. Men osten har også nokre unge fans, slik som Daniel Lillehauge (2).

– Eg hadde lagt frå meg osten, som skulle vere frukost dagen etter, men då fann han og tok til å ete den. Akkurat slik den var, utan noko til seier mor Monika Harbakk, som til dagleg jobbar på meieriet der osten vert produsert.

Ikkje første gong

Gamalost har svært karakteristisk og sterk både smak og lukt, og det er difor ofte sterke meiningar om den. Dette var ikkje Daniels første smak av gamalost. Mor kan fortelje at han også tidlegare har ete det, men då hjå besteforeldra.

– Vi brukar ikkje ha gamalost heime, men han et det av og til hjå besteforeldra sine. Det er nok absolutt noko han likar godt, så han kjem nok til å bli ein skikkeleg gamalostetar når han blir stor.