Sirkuseigar Jan Ketil Smørdal kan få bruk for balansekunstane sine, skal han redde det 16 år gamle sirkusføretaket med base på Nordfjordeid, for økonomien er langt frå i balanse.
Teknisk konkurs
Agora Cirkus AS enda opp med kraftig minus i fjor - rekneskapen for 2003 viser eit underskot på nærare 700.000 kroner. Når selskapet året før gjekk 400.000 kroner i pluss, betyr det at resultatet har forverra seg med meir enn ein million kroner på berre eitt år.
Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal balanser på stram line for tida. (Foto: NRK)
Eigenkapitalen er også på minussida - alt av aksjekapital er tapt. Selskapet er dermed teknisk konkurs.
Styret vil halde fram
Styret vurderer i årsrekneskapen for i fjor at det likevel er grunnlag for vidare drift. Dette grunngjev dei med at selskapet har verdiar i anlegg, og at verksemda har gått i pluss den første halvdelen av 2004.
Selskapet sin revisor konkluderer derimot med at framtidig drift av selskapet er avhengig av ei vesentleg betring av resultatet. Det betyr truleg nye lån eller at eigarar eller nye investorar er villige til å gå inn med meir pengar.
Har brote skattelova
Revisoren peikar dessutan på at selskapet har brote skattelova ved ikkje å ha oppbevart skuldige skattetrekk på eigen konto slik lova krev. Han presiserer også at selskapet sin interne kontroll har vore svak på einskilde område.
Verken revisor eller dei ansvarlege i selskapet Agora Cirkus AS var tilgjengelege for kommentar i går.