Hopp til innhold

Bytta ut laksen med pølser etter prishopp

MÅLØY/NORDFJORDEID (NRK): Laks er blitt så dyrt at mange forbrukarar no droppar laksemiddagen.

Laks med eplesaus

FOR DYRT: Stadig fleire droppar laksemiddagen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Før jul så slutta vi å gjere dei store innkjøpa av fisk. Før det hadde vi brukt ein del laks, men vi merka at prisen vart for høg, seier Hans Ottar Humborstad frå Kjølsdalen i Nordfjord.

Det siste året er lakseprisen nesten dobla. Som følge av det stuper fiskesalet særleg hjå dei unge under 34 år. Hjå familien i Kjølsdalen stod tidlegare laks og anna fisk ofte på menyen. Det gjer det ikkje lenger, på grunn av dei høge prisane.

Hans Ottar Humborstad

ET MINDRE LAKS: Hans Ottar Humborstad brukar mykje mindre fisk etter den sterke prisauken på laks.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– No blir det gjerne pølser og andre ferdigprodukt som er billigare, seier Humborstad.

Nedgang over fleire år

I fjor gjekk fiskesalet her i landet gjekk ned med heile 15 prosent. I løpet av dei siste fem åra har forbruket av fisk i Norge minka med 26 %.

– Laks har vore ein viktig del av det norske fiskeforbruket. Dermed vil ein nedgang i lakseforbruket mest sannsynleg også bety ein nedgang i fiskekonsumet hjå norske forbrukarar, seier Øyvind Kråkås i konsulentfirmaet Havbrukspartner.

– Kva tykkjer du om det?

– Det er svært synd fordi laksen har vore ein viktig drivar for nordmenn sine fiskevanar. Redusert omsetnad av laks betyr nok diverre at folk et mindre fisk. Det tykkjer vi er uheldig, seier Kråkås.

Høg pris – mindre forbruk

Nyleg kunne ein finne laksesider i butikkane til 300 kroner kiloen. Ein pris norske forbrukar ikkje har vore vane med.

– Det er klart ein slik prisauke er uheldig. Det tar laksen opp på eit nivå som norske forbrukarar ikkje har vore vande med. Dersom ein skal ha ein så høg pris over tid så kjem det til å merkast på forbruket, seier Kråkås.

Daniel Henrikson

EIN AV FÅ: Daniel Henrikson driv ein av dei få fiskebutikkane i Sogn og Fjordane.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg hadde gjerne sett at det var fleire unge som kjøpte og åt fisk, seier Daniel Henrikson.

I eitt år har han har drive fiskebutikken «Havfruen» i Vågsøy, og det som kjenneteiknar kundane hans er at dei er godt vaksne.

– Ein av grunnane til at fiskekonsumet har gått så mykje ned i Noreg er at kjøt er blitt så billig samanlikna med fisk, seier Henrikson.

Ikkje lenger lokkevare

Tidlegare brukte gjerne butikkane i større grad laks som ei lokkevare, og ei vare som dei konkurrerte hardt på pris med.

– Det ser vi ikkje så mykje no. Det er ikkje så mykje kampanjar på laks lenger, slik det var for nokre år sidan, seier Kråkås.

Dei siste åra har også norske forbrukarar byrja å merke at det er høge lakseprisar i spotmarknaden.

– Kontraktane som dei store kjedene har hatt, går ut og vi får ei oppdatering på pris som gjer at forbrukarane merkar ein ganske kraftig prisauke, seier Kråkås.

Hjå familien i Kjølsdalen i Eid hadde dei gjerne at lakseprisane gjekk ned.

– Ja, laks er god fisk. God på smak og god for kropp og sjel, seier Humborstad.