Bygger hus til flyktningar - skal ikkje koste kommunen ei krone

Takka vere gode ordningar gjennom Husbanken kan kommunane nærmast utan utgifter, bygge nye bustader for å huse flyktningar.

Dale sentrum

SATSAR PÅ NYBYGG: Fjaler kommune vil bygge nye hus for å ta i mot flyktningar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Husbanken gir opp til 40 prosent støtte til å bygge nye flyktningbustader. Kombinert med leigeinntekter, blir det gunstig for kommunane å bygge nye flyktningebustader.

I Fjaler har ordføraren stor tru på at dei skal klare å bygge nye flyktningebustader, utan at det vil koste kommunen ei krone.

Arve Helle

TRUR DEI SLEPP REKNINGA: – Gode støtteordningar og leigeinntekter gjer at kommunen skal komme ut i null, seier ordførar Arve Helle.

Foto: Johan Moen / NRK

– Ordninga til Husbanken er slik at det blir gitt tilskot på inntil 40 prosent til bygging av desse bustadene. Dei 60 prosentane som då står att, må lånefinansierast på vanleg måte. Men med hjelp av husleiga som bebuarane skal betale, går dette i null.

– Så dette vil ikkje koste kommunen ei krone?

– Nei, ikkje ut frå dei opplysningane vi sit på, seier ordførar Arve Helle (Ap).

Kommunane viser til høge kostnader

I samband med at Norge skal ta imot 8000 flyktningar frå Syria, har mange ordførarar klaga over at det vil bli veldig kostbart å ta imot fleire frå det borgarkrig-herja landet. Så langt har norske kommunar berre sagt seg villige til å ta i mot om lag 2800 syrarar.

Kommunane vil få utgifter til både helsestell og eventuell skulegang, norskopplæring og sosiale tiltak. Men også kostnaden av å finne husrom har blitt brukt som argument.

Men det viser seg at å kjøpe frå private huseigarar eller bygging av nye flyktningbustader ikkje treng å bli kostbart for kommunane. Husbanken har nemleg gode støtteordningar for slikt.

– Det har vi. I tillegg kan kommunane også søke om lån hos oss til restfinansieringa, slik at dei får 100 prosent finansiering, stadfester avdelingsdirektør Kari Fotland i Husbanken.

Fjaler kommune vil til å ta i mot 41 flyktningar dei neste to åra. Ap-ordføraren ser føre seg både nybygg og leige av bustader for å huse flyktningar.

– Vi kjem til å delvis bygge nye bustader til nokre, og leige på eksisterande marknad til andre. Slik som dette er lagt opp, meiner vi at det er sjølvfinansierande.

KS: – Vår jobb å informere

Jenny Følling

– GJER SOM FJALER: KS-leiar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, seier Husbanken aldri har hatt betre støtteordningar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Leiaren for KS – kommunane sin interesseorganisasjon – i Sogn og Fjordane meiner fleire kommunar bør gjere seg nytte av Husbanken sine ordningar.

– Ordninga i Husbanken har aldri vore betre enn den er nett no, påpeikar Jenny Følling.

– Er det ikkje for dårleg av kommunane å seie nei med kostnad som eit av argumenta, når ordningane er så gode som dei er?

– For KS ligg det ei opplysningsplikt om både at det er gode ordningar, og korleis ein skal nytte seg av desse ordningane.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.