NRK Meny
Normal

Frp-opprør mot Høgre etter Syria-avtale

Frustrasjonen i Framstegspartiet byggjer seg opp etter Syria-avtalen som vart inngått denne veka. Frustrasjonen rettar seg mot regjeringspartnar Høgre, som blir skulda for å dolke Frp i ryggen og for å bryte avtalar.

Flere sentrale personer i Fremskrittspartiet forteller at det er uro i partiet etter Syria-avtalen som ble inngått denne uken. Frustrasjonen retter seg mot regjeringspartner Høyre, som blir beskyldt for å dolke Frp i ryggen og for å bryte avtaler.

NRK har snakka med fleire som har sentrale posisjoner i partiet som stadfestar at forholdet er svært anstrengt.

– Forholdet er anstrengt. Det skulle berre mangle når Høgre bryt avtalar, seier Terje Søviknes, medlem i sentralstyret i Frp og leiar for kommunalpolitisk utval i partiet.

Søviknes: – Anstrengt

Onsdag denne veka inngjekk Høgre flyktning-avtale med opposisjonen i Stortinget. Frp og SV braut forhandlingane. Dei andre stortingspartia blei samde om å ta imot 8000 Syria-flyktningar dei neste tre åra.

Søviknes seier det er frustrasjon ute i Frp-organisasjonen. Den rettar seg mot Høgre:

– Som leiar av kommunalpolitisk utval i partiet merkar eg at dette er eit samtaleemne. Det er klart at det ein viss frustrasjon ute og går, og forholdet er heilt klart blitt litt meir anstrengt, seier Søviknes til NRK.

Carl I. Hagen

Hagen: – Eg merkar at dei fleste byrjar å bli rasande på Høgre.

Foto: Johannessen, Sara / Scanpix

Hagen: – Dei tek meir omsyn til Arbeidarpartiet

Carl I. Hagen, førstekandidat til fylkestingsvalet i Oslo og tidlegare Frp-formann, meiner Høgre har dolka partiet hans i ryggen.

– Når Høgre sviktar sin regjeringspartnar for å komme hovudmotstandaren i møte, er det klart at Framstegspartiet blir rasande. Dei tek meir omsyn til Arbeidarpartiet og Jonas Gahr Støre enn sin eigen regjeringspartnar, seier Hagen til NRK.

– Eg merkar at dei fleste byrjar å bli rasande på Høgre.

Motstand på grasrota

Frp sin toppkandidat til fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane, Frank-Willy Djuvik, stadfestar at frustrasjonen mot Høgre er stor:

«Når Høgre bryt regjeringsavtalen, og vel å inngå ein avtale med opposisjonen i Stortinget i ei sak dei veit betyr så mykje for Frp, så er det klart at store delar av grasrota i partiet opplever det som eit svik frå Høgre».

Tom Harald Nesvik

Nesvik: – Det er ikkje problem med samarbeidet.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Han skriv vidare:

«Høgre må nok godta ganske mykje FrP-gjennomslag i politiske saker for å rette opp forholdet framover».

Parlamentarisk leiar i Framstegspartiet, Harald Tom Nesvik, seier Syria-avtalen ikkje går ut over regjeringssamarbeidet.

– Det er ikkje problem med samarbeidet. Framstegspartiet og Høgre er usamde i ei sak, og slik er det. Eg har fullforståing for at enkelte i partiet blir frustrerte, men samarbeidet med Høgre går heilt fint, seier Nesvik til NRK.

– Vi er ikkje misnøgde med Høgre, men med avtalen, seier Nesvik.

Høgre meiner dei tok ansvar

Verken Erna Solberg eller andre i Høgre-leiinga har vore tilgjengelege for intervju om denne saka i dag. Men det har stortingsrepresentant Frank Jenssen frå Trøndelag.

– Vi i Høgre har ikkje til vane å bryte avtalar. Det har vi heller ikkje gjort denne gongen, seier Jenssen.

Han meiner Høgre tok ansvar i forhandlingane.

– Det blir altså ikkje 10.000 flyktningar på to år slik fleirtalet ville. Det blir eit lågare tal fordelt på fleire år, noko som ligg nærare det både Høgre og Framstegspartiet har ønska, seier Jenssen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger