Hopp til innhold

Dei vil ta i mot seks syriske flyktningar

Ekteparet Bodil og Ole Johannes Øvretveit har eit stort hus. No vil dei huse syriske flyktningar, og ber andre med god plass om å gjere det same.

Bodil og Ole Johannes Øvretveit

STORT HUS: Bodil og Ole Johannes Øvretveit framfor familien sitt bustadhus på Sande i Sunnfjord.

Foto: Gjertrud Øvretveit

– Eg las om ein kommune som sa dei ikkje hadde husrom til flyktningane. Då tenkte eg: «For ein gongs skuld, Ole Johannes, skal du faktisk dra fordelen av at du bur i eit veldig stort hus», fortel Ole Johannes Øvretveit.

Kom med erklæring i avisa

48-åringen er journalist i avisa Firda og i laurdagsspalta «Skrivekløe» skriv at han vil huse seks syriske flyktningar. «Kom 'an», skriv Øvretveit med klar oppmoding til lesarane om å gjere det same.

– Store deler av huset mitt står ubrukt. Så eg tenkte at no får eg berre slå til, seier Øvretveit til NRK.

  • «Eg trur det er mange som har både hus, leilegheiter og rom som kunne vore brukt til å huse flyktningar.»

    Ole Johannes Øvretveit
Spalta Skrivekløe i Firda

SKREIV I AVISA: Lesarane i avisa Firda sine 12 kommunar kunne laurdag lese at journalist Ole Johannes Øvretveit vil huse seks syriske flyktningar.

Foto: faksimile, Firda 13. juni 2015

«Vi har alle vunne i Lotto»

Stortingsfleirtalet vedtok denne veka å ta i mot 8000 syriske flyktningar over dei neste tre åra.

Samstundes har kommunane meldt tilbake at dei berre ser føre seg å ta i mot om lag 2800. Det gjer Øvretveit opprørt.

– Folk går rundt og drøymer om å vinne i Lotto. Det har vi allereie gjort alle saman, berre ved å bli fødde i Norge. Eg trur mange har både hus, leilegheiter og rom som kunne vore brukt til å huse flyktningar. Derfor seier eg kom 'an!

Besøkte flyktningleir

Engasjementet for flyktningane vart for alvor vekt då familien Øvretveit i fjor var på ferie i Jordan.

– Då såg eg den grufulle armoda som rår blant flyktningane. Det gjorde inntrykk for livet. Du kan sjå det på TV, lese om det og høyre om det, men når du ser det... Det er rett og slett forferdeleg.

Ole Johannes Øvretveit i jordansk flyktningeleir

SÅG ARMODA: Ole Johannes Øvretveit og familien var i fjor på ferie i Jordan, der dei besøkte dei ein syrisk flyktningleir. – Inntrykka vil sitje att heile livet.

Foto: Privat

Familien sa straks ja

Øvretveit lufta ideen for familien, før han sette seg ved tastaturet på jobb.

– Dei skjønte det med ein gong at her kan romma deira stå på spel, ler sunnfjordingen, før han raskt legg til:

– Både kona mi og ungane sa med ein gong at dette var ein kjempeidé. Supert pappa! Tre av borna er dessutan alt flytta heimanfrå, og til hausten flyttar den siste ut.

– Og reaksjonen frå avislesarane?

Så langt har eg fått ein del sms-ar frå folk som synest dette er kjempeflott.

Mathias Råheim

– MÅ KOORDINERAST: Gaular-ordførar Mathias Råheim (H) tek gjerne ein prat med familien Øvretveit.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ordførar: – Flott initiativ

Ordføraren i Gaular, Mathias Råheim (H), ønskjer familien Øvretveit velkomne til ein prat.

– Det er eit flott initiativ. Vi har sagt ja til å busetje fem flyktningar i år og fem neste år. Vi har ikkje gjort avtale om husrom for desse enno.

Råheim rådar andre som vil følgje Øvretveit sitt eksempel om å ta kontakt for å ha kontroll.

– Viss til dømes 20 personar tar i mot fem flyktningar kvar, blir det plutseleg 100 som skal ha skule- og helsetenester. Det er viktig at dette blir skikkeleg koordinert, seier Råheim.