Måndag føremiddag er telefondekninga delvis tilbake. Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor seier dei håpar å ha normaltilstand i løpet av ettermiddagen.
Innbyggjarane på Kråkenes har vore utan fasttelefon og mobildekning den siste veka. På onsdag forsvann også Internett.
– Vi er for tida isolert. Vi kjem heller ikkje gjennom med naudnummer, seier Solbjørg Teige fortvila.
– Fare for liv og helse
Kvar dag denne veka har ho køyrt rundt åtte kilometer for å kunne ringe ut. Både for å kontakte Telenor, men også for å varsle andre familiemedlemmar. Fredag varsla ho naudetatane om situasjonen.
– No fann eg ut at eg måtte ringe 112 for å varsle om situasjonen her i bygda. Her bur eldre folk åleine. Vi kan ikkje ha det slik.
Ifølgje Teige har mobilnettet vore dårleg i mange år. No krev ho ei endring.
– Vi blir jo bekymra når vi ikkje har skikkeleg mobildekning, seier ho og held fram:
– Folk har landa på månen. Dei greidde å ha kommunikasjon med jorda då dei var der oppe. Mens vi som bur her heile tida, vi kan ikkje kommunisere med nokon.
Må vente til måndag
Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor, seier at dei er kjent med problemet.
– Problema skuldast ustabilt radiosamband til ein basestasjon på Kjerringa på Stad. Den braut saman torsdag. Det er årsaka til at Kråkenes fyr og området rundt er utan dekning, forklarar han.
Amundsen seier at dei har jobba med å finne ut av feilen.
– Utfordringa har vore at basestasjonen har kopla ut og inn. Kvar gong vi har drive feilsøking har den verka. Men no ser vi at den er heilt ute, så no har vi bestilt feilretting. Eg håpar at den skal vere i orden førstkomande måndag ettermiddag.
Ingen planar om betre telefon
Kva som er den eigentlege årsaka til problemet, er det for tidleg å seie noko om. Ifølgje Amundsen kan det vere alt frå defekte antenner til vindskadar på stasjonen eller linja ut dit.
Han er kjent med at mobilforholda rundt Kråkenes er utfordrande, men ifølgje dekningsdirektøren har Telenor ingen planar om å gjere utbetringar.
– Det vil koste fleire millionar kroner, og må i så fall skje i eit spleiselag med mellom anna kommunen, seier Amundsen.