NRK Meny
Normal

Bygda følgde fotballikonet til siste kvilestad

SOGNDAL (NRK): Svein Bakke (1953–2015) vart i dag gravlagd ved Stedje kyrkje i Sogndal.

Gravferda til Svein Bakke

EIT SISTE FARVEL: Familie, vener og bygdefolk hadde møtt opp for å ta eit siste farvel med Svein Bakke, som døydde brått førre onsdag, 62 år gamal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Hundrevis hadde møtt opp for å ta farvel med eit fotballikon. Så mange var det at kyrkja ikkje hadde rom til alle. Dei som ikkje kom inn, fekk likevel følgje minnestunda via høgtalarar i kapellet og på kyrkjetrappa.

Her var fotballtoppar, som fotballpresident Yngve Hallen, landslagstrenar Per-Mathias Høgmo og tidlegare sjef for Norsk toppfotball, Boye Skistad. Men òg folk frå bygda som ønskte å ta eit siste farvel.

For utanforståande er han mest kjent for prestasjonane på bana og eigenskapane som fotballeiar gjennom tiår. For dei som kjente han best, vert han like mykje hugsa for omtanken han hadde for andre. Den raude tråden i alle talane denne dagen, var at Svein Bakke var ein som verkeleg brydde seg.

Gravferda til Svein Bakke

HUNDREVIS MØTTE OPP: Eit hav av paraplyar følgde Svein Bakke til grava i regnvêret.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

I sitt minneord fortalde Eirik Bakke om ein far som alltid stilte opp. Som var oppteken av at andre skulle ha det bra. Ein far han aldri krangla med, unntatt den gongen han som 18-åring avslo eit kontraktforslag frå Sogndal. Det vart med den eine krangelen. Kontrakten vart signert ikkje lenge etter.

Han hugsar ein far som alltid var seg sjølv, uansett kven han snakka med. Om du var liten eller stor, møtte han deg på same måte. Gjerne i dei same tøflane. Slik Drillo hadde sine pælar, hadde Svein sitt føretrekte fotplagg.

Også dotter Tone Bakke framheva dei gode samtalane og dei kloke råda. For Svein Bakke var ein mann som ikkje trengde å lese bøker for å vere klok.

– Du var ein stor fotballspelar og leiar, men størst var du som vår kjæraste pappa, svigerfar og besten, sa ho i sin tale.

Svein Bakke

LEIAREN: Svein Bakke vil bli hugsa som ein av dei store leiarane i norsk fotball. Sogndalskuta styrte han som sportsleg leiar fram til 2005, etter å ha vore i klubben i ulike posisjonar i meir enn førti år.

Foto: Endre Romøren/Sogn Avis

Men det var ikkje til å kome utanom betydninga Svein Bakke har hatt for fotballen i Sogndal. Rolf Navarsete, sjølv ein av dei sentrale kreftene i klubben, hugsa tilbake til 70-talet, då dei første linjene i fotballeventyret Sogndal vart skrivne. Bakke var maestroen på bana som gjorde resten av laget til vinnarar. Seinare var han den sentrale skaparen av fotballkulturen og vinnarkrafta, som enno sit i veggane på Fosshaugane.

– Ei kraft som ingen andre har makta å skape nokon gong, sa Navarsete.

Fotballpresident Yngve Hallén fortalde om ein mann som har sett spor etter seg, ikkje berre i bygda, men i heile fotballnorge. Blant mykje anna, vil han minnast Svein Bakke som ein av pionerane som sette treningskultur på dagsorden, gjennom arbeidet i då nystarta Norsk toppfotball.

– Eg vil på vegner av heile fotballnorge få takke familien for at vi fekk låne fotballtalentet, leiaren og den gode kameraten, Svein Bakke, sa han.

Svein Bakke i kamp om ballen med Egil Austbø under cupfinalen i 1976

MAESTROEN: Ein imponerande fotballkarriere slutta ikkje før 514 kampar var spelte og 321 mål var scora. Høgdepunktet kom allereie i 1976, då Svein Bakke leia tredjedivisjonsklubben Sogndal til cupfinale mot Brann.

Foto: Paul Owesen / SCANPIX
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser