Bygd i sorg – kvinne (23) omkom i ulukke i Finland

Det var den 23 år gamle Amanda Spord Mo frå Lærdal som omkom i ei trafikkulukke i Nord-Finland førre torsdag.

Lærdalsøyri, Lærdal municipality, Sogn og Fjordane 2004

TRAFIKKULUKKE: Ulukka i Nord-Finland der ei 23 år gamal kvinne frå Lærdal omkom pregar heimkommunen.

Foto: Oskar Puschmann / Skog og landskap bildearkiv

– Vi er ein liten kommune og dette er ei hending som råkar svært mange, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Mor og dotter var på ferie i Finland då dei køyrde av vegen. Ulukka skjedde mellom Kaimanen og Sevettijervi heilt nord i Finland og om lag 11 mil frå grensa til Noreg. 23 år gamle Amanda Spord Mo omkom i ulukka, medan mora som er i 50-åra vart skadd og flogen til sjukehus i Kirkenes i Noreg.

– Familien har fått tilbod om hjelp frå kommunen, og det kjem til å skje heilt på deira premiss. Elles seier familien at dei svært takksame for all omsorg og støtte dei har fått frå folk i bygda, seier Solheim.

Kvinna i 50-åra som vart skadd i ulukka, er no utskriven frå sjukehus.

Namnet på den omkomne er frigitt i samråd med familien, opplyser politiet.