Hopp til innhold

Brukar tusenvis av kroner på treningsklede

FØRDE (NRK): For mange er det viktig å sjå bra ut, sjølv om dei berre skal trene. Nokre betaler mykje for fine klede til treningsøkta.

Kor opptekne er folk av korleis dei ser ut på trening?

SVEITTAR I MERKEKLEDE: Det er delte meiningar om kor viktig det er å ha fine klede medan ein trenar, men mange brukar over tusen kroner på antrekket ein sveittar i. FOTO / REDIGERING: MARTE IREN TRØEN

– Eg har meir treningsklede enn vanlege klede, så eg brukar mykje pengar på det. I utgangspunktet betyr det ingenting, men eg trur likevel det gjer det for mange, seier Malin Eikenes som er instruktør på Crossfit Førde.

På treningssenteret i Førde er det fullt av folk kledd i neonfarga merkeklede. Då NRK var innom, opplyste trimmarane at dei har betalt frå tusenlappen og opp til 4000 kroner for antrekket dei trenar i.

Eikenes trur det kan vere ein samanheng mellom korleis ein ser ut og treningsutbyttet.

– Eg føler ein presterer betre når ein ser bra ut og føler seg bra. Utan sminke synest eg at eg ser trøyttare ut, seier ho.

Eikenes trenar

CROSSFIT: Eikenes trenar Crossfit, og skal konkurrere snart.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Sosiale medium

Kent Roger Engdal

VARIERT: Kent Roger Engdal meiner det varierer veldig kor mykje folk bryr seg om kleda dei har på seg på trening.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Kent Roger Engdal er dagleg leiar ved Spenst i Førde og seier at det er veldig forskjellig kor mykje folk bryr seg om treningskleda sine.

– Dei eldre medlemmane er ikkje så nøye på kva dei har på seg, medan tenåringar kanskje bryr seg litt meir om korleis dei ser ut, seier han.

Han trur bruken av sosiale medium kan ha mykje av skulda for at det er blitt viktig for mange å vere fin på treningssenteret.

– Slik som samfunnet er i dag skal ein vere perfekt på Facebook og Instagram, og ungdommen spesielt er opptekne av korleis førebileta i sosiale medium opptrer, seier Engdal.

Delte meiningar

Maria Hagerup Sætre

IKKJE VIKTIG: Maria Hagerup Sætre bryr seg ikkje om kva ho har på seg.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK
Martine Bruland

FRESH: Martine Bruland er oppteken av å føle seg 'fresh' på trening.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

På treningssenteret er meiningane delte om kor viktig det er at ein tar seg godt ut under treningsøkta.

– Det er ikkje viktig, for eg er her for å trene, konstaterer Maria Hagerup Sætre.

– Ein vil jo sjølvsagt sjå fresh ut. I nye treningsklede føler du deg betre på trening, seier Martine Bruland.

– Det er sikkert nokon som kjenner på eit press på korleis ein skal sjå ut sidan det er så mange som ser deg på treningssenteret, men eg bryr meg ikkje, seier Sebastian Gjervik.

Sebastian Gjervik

HØGT TEMPO: Sebastian Gjervik spring på tredemølla.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Det var verre før

Malin Eikenes portrett

BETRE: No er Malin Eikenes komfortabel med å gå på trening utan sminke.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Malin Eikenes var mykje meir oppteken av utsjånaden på trening før, og ho meiner presset på dette er på veg ned.

– Tidlegare sminka eg meg før eg gjekk på trening. No har eg har komme dit at eg tør å gå på trening utan mascara, og slik var det ikkje før, seier ho.