Hopp til innhold

Magnar og kona brukar ferien på å hjelpe tyfon-offera

Magnar Skorven og kona Jocelyn brukar ferien på Filippinene til å hjelpe ofra etter tyfonen. No pakkar dei mat i dagsrasjonar som dei skal dele ut i område der nauden er stor.

Pakkar ris

DAGSRASJONAR: Her sit Magnar Skorven og dei andre i familien og pakkar dagsrasjonar for ei familie.

Foto: Privat

– Vi prøver å bidra med det vi kan, seier Skorven, som er frå Førde og til dagleg jobbar som sjukepleiar i Helse Førde.

Ferieturen til Filippinene var bestilt for eit halvt år sidan. Men då tyfonen Haiya råka Filippinene natt til 8. november, fann ekteparet ut at dei måtte snu seg rundt og få gjort noko.

– Jocelyn er frå Filippinene, og har mykje familie og vener der nede. Tyfonen råka ikkje hardt i området der vi er, men to timar lenger nord, er skadane store, seier Skorven.

Dagsrasjonane består av ein kilo ris, to boksar med sardiner, tre pakkar med nudlar, to porsjonar med kaffi, tre porsjonar med sjokoladedrikk, eit såpestykke og ein liter med vatn.

Målte vindkast på 379 km/t

Familien til Jocelyn, som bur i området Naga City i Cebu, har klart seg bra. Her er skadane få. Men få mil unna, har mange mista absolutt alt dei eig. Sjølv om Filippinene på grunn av si plassering i Stillehavet er vant til sterke stormar, har knapt noko vore i nærleiken av tyfonen som råka for to veker sidan.

Den amerikanske marinens varslingsenter på Hawaii opplyste like før tyfonen trefte land, at vindstyrken var oppe i 314 kilometer i timen, med vindkast på 379 kilometer i timen.

Det gjer Haiyan til den kraftigste tyfonen så langt i år, og truleg ein av dei verste tyfonane så langt i øynasjonen Filippinenens historie.

– Tyfonen som råka var tre gongar så sterk som nyttårsstormen som råka Norge for nokre år sidan. Når ein tenkjer på kor skrøpelege husa er her, så er det lett å tenkje seg at skadane er enorme, seier Skorven.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Nyhetsgrafikk - Haiyan» i nytt vindu

Vener samlar inn pengar

Han og kona har kjøpt inn mat nok til å lage 100 dagsrasjonar for ei familie. Desse skal dei ta med seg til områda lenger nord i midten av neste veke, kor dei skal få dele dei ut på eit senter for flyktningar. Men behovet er enormt.

Det har fått fleire av venene til familien Skorven til å engasjere seg. Hilde Hallerud i Førde har oppretta ein konto, og oppmodar gjennom Facebook folk om å donere pengar for å hjelpe. Ein dagsrasjon for ei familie kostar om lag 50 norske kroner.

– Eg vart kjend med Magnar Skorven då eg byrja i hjelpekorpset i Førde i 1996. Då var han operativ leiar. Eg spurde Magnar om det var noko vi kan gjere, og då kom vi fram til at dersom nokon ønskjer å hjelpe økonomisk, så er det flott, seier Hallerud.

Ho understrekar at beløpet i sin heilskap vil gå uavkorta til å kjøpe mat til naudrasjonar.

– Min jobb er å få organisert slik at Magnar får ei bankremisse der nede, slik at han får ut pengane for å kjøpe mat, seier Hallerud.

Ho fortel at mange allereie har donert pengar, og at meir står på vent, sidan det er helg, og overføringar i nettbanken difor ikkje går like fort som på ein kvardag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Store skadar

ØYDELAGT: I områda i nord er øydeleggjingane massive. Her frå ein tur som fleire av hjelparane har hatt i områda.

Foto: privat

Dei som har minst, har mista mest

Magnar Skorven er takksam for at så mange ønskjer å bidra. Då katastrofen på Filippinene var eit faktum, signaliserte dei raskt til familie og venner at pengane som skulle gått til julepresangar i år, i staden går til naudrasjonar for dei som treng det meir.

– Dei områda som er verst råka av tyfonen, er der dei som har minst bur. Dei manglar no absolutt alt, seier Skorven.

Han er takksam for at arbeidsgjevaren Helse Førde har vore velvillig.

– Eg har fått høve til å ta ut ferien min no fram til jul, så avspaserer eg mellom jul og nyttår, og så tek eg neste års ferie fortløpande. Dermed kan vi vere her nede heilt fram til februar, seier Skorven.

Han har også fått låne med seg diverse medisinsk utstyr slik at han også kan bidra på helsesida.

– Eg har mellom anna med meg blodtrykksmålar og litt anna, slik at eg kan hjelpe viss det trengst, seier Skorven.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mista alt

HAR MINST: Mange av dei som har mista alt, er dei som allereie hadde minst frå før. Mange familiar har ikkje tak over hovudet etter at tyfonen råka for to veker sidan.

Foto: privat

Gav kokosnøtter til hjelpearbeidarane

I nordområda er det framleis eitt sjukehus som er i drift. Men mange har ikkje råd til å oppsøkje helsehjelp. Til skilnad frå Norge, der helsetenester i stor grad er gratis, må ein sjølv betale dersom ein treng hjelp på sjukehus på Filippinene.

– Det er mange som har skadar etter tyfonen som rett og slett ikkje har råd til å oppsøkje legehjelp, seier Skorven.

Han legg til at det folk har størst behov for no, er at infrastruktur vert bygd opp att.

– Folk treng å få tak over hovudet, og ting på plass, slik at dei kan byrje å hjelpe seg sjølve. Midt i all elendigheit, er filippinarane utruleg positive og takksame, seier Skorven.

Ein lege fortalde han i går at då naudhjelpa frå USA kom til ei av dei små øyane som er verst råka, så gav filippinarane kokosnøtter som takk til dei som kom med hjelp.

– Dei gjer alt dei kan i ein fortvila situasjon, og er utruleg takksame for all hjelp dei får, seier Skorven.

(Artikkelen held fram under biletet)

Prøver å hjelpe

PRØVER: Her er fleire av dei som er med på hjelpeprosjektet, f.v. Harold Villena, Ernesto Gabato (onkelen til Jocelyn), Magnar Skorven, Michelle Anne G. Recto (lege og leiar i gruppa), sjukepleiar Lexter Dagly og Virginia Mangila (Skorvens svigermor).

Foto: privat

Mange prosjekt i startgropa

Han peikar på at også filippinarane sjølve er opptekne av å hjelpe.

– Sjølvsagt held dei fram i jobben sin, det må dei for å tene pengar. Men i fritida samlar dei inn pengar og mat for å hjelpe dei som er verre stilte. Ein sjukepleiar her tener om lag 320 pesos om dagen. Deler du det på sju, har du norsk valuta. Det er ikkje mykje å leve for, men likevel deler dei det dei har, seier Skorven.

Han fortel at det også vert jobba med eit prosjekt for å få bygd nye fiskebåtar til fiskarane oppe i nord.

– Spesielt på Bantayan Island. Ein får to fiskebåtar for 20.000 pesos, noko som tilsvarar 2.500 norske kroner, seier Skorven.

Søndag står Røde Kors, Unicef, Redd Barna, Kirkens Nødhjelp og Streetlight saman om ei innsamling til ofra på Filippinene med ein støttekonsert som vert send på NRK1 kl. 20.15.