Hopp til innhold

Sjefen rosar brøytebilsjåføren

– Sjåføren gjorde ein framifrå innsats og fekk bilen ut av tunnelen og evakuert. Han gjorde alt etter boka, seier dagleg leiar i Maskinen3prenør1, Runar Rise Hallset.

Brann ved Bortnetunnelen

BRØYTEBIL I BRANN: Brøytebilen står rett utanfor den fem kilometer lange Bortnetunnelen på fv. 616 i Bremanger.

Foto: NRK-tipsar

Han er sjef for firmaet som eig og driv brøytebilen som brann opp rett utanfor inngangen til den fem kilometer lange Bortnetunnelen på fylkesveg 616 i Bremanger onsdag ettermiddag. Sjåføren ønskjer ikkje å late seg intervjue, men Hallset seier det går bra med han etter forholda.

– Det er klart han fekk seg ein støkk, men han vert teken godt vare på, seier han til NRK onsdag kveld.

Hallset seier at sjåføren har fortalt at det byrja å brenne i bilen inne i tunnelen, men at han klarte å køyre bilen akkurat ut av tunnelen.

– Då stoppa bilen og han kom ikkje ein meter lenger.

– Heile bilen var overtent

Hallset vil ikkje spekulere i kva som er årsaka til at det byrja å brenne.

– Det vil politietterforskinga gi svar på, seier han.

Brøytebilen var på veg opp den bratte tunnelen då det byrja å brenne. Ifølgje politiet kom sjåføren seg trygt ut, men klarte ikkje sjølv å sløkke brannen.

– Heile bilen er overtent og den står om lag ei billengde utanfor tunnelen, fortalde augevitne Pål Eikeset til NRK kort tid etter at brannen starta.

Då han kom til staden var det fyr i førarsida på brøytebilen, før den raskt spreidde seg til heile hytta.

Kolonnekøyring

Vaktleiar Frode Eide ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane fortel at brannen er sløkt, og at dei ventar på ein bergingsbil som skal kome og hente brøytebilen.

– Vi var heldige, det er ingen skade utanom materielle skader på brøytebilen. Røyken har heller ikkje gått inn i tunnelen, seier Eide.

Klokka 17 er det er framleis kolonnekøyring på staden.

Ein mann i 40-åra

Årsaka til brannen er uviss, men dei første meldingane til brannvesenet gjekk utpå at det brann i området ved motoren.

Brøytebilsjåføren er ein mann i 40-åra, og ifølgje Firda har helsepersonell på staden stadfesta at han ikkje har skader, heller ikkje røykskadar.

Dei siste åra har det vore ei rekkje alvorlege brannar i tunnelar i Norge, fleire av dei i Sogn og Fjordane. Blant anna i Fjærlandstunnelen og Gudvangatunnelen.

Bortnetunnelen
Brann ved Bortnetunneleni Bremanger

FULL UTRYKKING: Naudetatane kom raskt på plass då det byrja å brenne i brøytebilen.

Foto: NRK-tipsar