Hopp til innhold

Ap-veteran: – Eg kjenner meg ikkje att i partiet mitt

FØRDE (NRK): Arbeidarpartiet har varsla ei ny og tøffare linje i innvandringspolitikken. Det får ein av dei verkelege partiveteranane til å steile.

Ivar Svensøy

SKEPTISK: Ivar Svensøy er kritisk til Arbeidarpartiet sin nye kurs i innvandringspolitikken

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg kjenner meg ikkje att i retorikken til partiet, og eg kjenner meg ikkje vel i den, seier Ivar Svendsøy, som sit i Førde bystyre for Arbeidarpartiet.

Ivar Svensøy har vore lokalpolitikar for Arbeidarpartiet i Førde og Sogn og Fjordane i 40 år. Han har lenge engasjert seg i Innvandringsspørsmål.

– Eg er oppteken av solidaritet med menneske, og eg er oppteken av korleis vi omtalar menneske. Samstundes er eg einig i at vi skal ha ei streng linje, eg er ikkje noko innvandringsliberalar.

Svensøy likar ikkje at partiet hans no ser ut til å leggje seg på ei ny linje i innvandringsdiskusjonen.

– Innvandring splitter fleire land, og det splitter Europa, skreiv Arbeidarpartiet sin nye innvandringspolitiske talsperson, Masud Gharahkhani, i eit innlegg i VG førre veke.

Masud Gharahkhani

NY LINJE: Masud Gharahkhani er ny innvandringspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, og han har varsla ei ny linje for partiet.

Foto: Arbeiderpartiet

Meiner innvandring fører til fattigdom

Masud Gharahkhani er sjølv ein innvandrar frå Iran, no har han varsla at Arbeidarpartiet skal legge seg på ei ny og strengare linje i innvandringspolitikken.

– Innvandring frå ikkje-vestlege land kan føre til auka fattigdom i Norge. Vi må ikkje ta i mot fleire innvandrar enn det vi klarer å integrere, sa Gharahkani førre veke.

Partiveteran Svensøy likar ikkje dei nye tonane til partiet sitt. Han meiner at retorikken i innvandringsdebatten kan vere like viktig som den faktiske politikken.

– Retorikk er viktig, fordi retorikk skapar haldningar, som igjen påverkar korleis ein handlar. Korleis ein pratar om menneske er veldig viktig. Det gjer meg uvel når Arbeidarpartiet skal konkurrere med Frp i å ha den tøffaste retorikken.

Gharahkani meiner partiet må vere tydeleg og ærleg i innvandringsdebatten.

– Eg har fått med meg at nokre reagerer på måten eg ordlegg meg på. Eg er ein ærleg, direkte og tydeleg person. Vi skal ha takhøgd i partiet og ta ein ærleg debatt, men samstundes finne gode løysningar, seier Gharahkani.

Torbjørn Vereide

KRITISK: Torbjørn Vereide er samd med Ivar Svensøy i at Ap ikkje må bli for tøffe i innvandringsdebatten.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Det er mange nok allereie som konkurrerer om å vere tøffast

Svensøy får støtte av lokalpolitikar Torbjørn Vereide, som sit på fylkestinget i Sogn og Fjordane

– Det er mange nok politikarar som konkurrerer om å vere den strengaste. Arbeidarpartiet må konkurrere om å vere mest mogleg solidarisk, seier Vereide.