Hopp til innhold

Brannfolka si "Petter Smart-løysing" blir sett pris på

Då feiebilen byrja å brenne i Fjærlandstunnelen i april, var Sogn brann og redning snarrådige for å løyse utfordringar med naudnettet.

Tunnelbrann

DRAMATISK BRANN: 13 personar hamna på sjukehus etter at ein spylebil byrja å brenne i Fjærlandstunnelen mellom Jølster og Fjærland seint på kvelden 17. april.

Foto: Sogn brann og redning

Tunnelen er ein av tunnelane utan naudnett-dekning, men med hjelp av ein brannbil med radioterminal fekk dei sett opp eit lokalt naudnett.

– Slik kunne dei kommunisere med kvarandre på heile innsatsområdet. Dette var ei viktig årsak til at aksjonen vart vellukka, seier DSB-direktør, Cecilie Daae.

Nyoppretta pris

13 personar vart sendt til sjukehus etter at ein spylebil byrja å brenne i tunnelen mellom Fjærland og Skei i Jølster. Grunna arbeid i tunnelen vart trafikken sleppt kolonnevis igjennom.

I dag fekk Sogn brann og redning DSB sin nyoppretta pris, Nødnettpris, for innsatsen dei la ned. Målet med prisen er å inspirere andre til øve på moglegheitene i naudnettet.

– Dette er ei blanding av veldig god kunnskap, trening og kreativitet, seier Daae om løysinga som Sogn brann og redning kom fram til.

Oppretta dekning i tunnelen

Brannsjef Vidar Trettenes tok imot prisen på vegner av Sogn brann og redning. Han er glad for merksemda dei no har fått for arbeidet som blei gjort.

– Vi får vel den fordi vi har tatt i bruk ein del av dei moglegheitene som naudnettet gir oss. At vi kan kommunisere på denne måten er ein tryggleik for alle, seier Trettenes.