Bønder kvir seg til sommaren

Bønder i indre Sogn fryktar eit like stort sauetap som i fjor, om jerven i fjellet ikkje vert teken snart.

Jerveskade

FRYKTAR NY SLIK SOMMAR: Bøndene i indre Sogn har gjennom vinteren følgt nøye med på spor i snøen og på bakken for å bli kvitt jerven som herja i fjella i fjor sommar. Men førebels er det ikkje teke ein einaste jerv.

Foto: Ove Baggetun

– Eg orkar ikkje å tenkje på kva som skjer til sommaren, seier sauebonde Arne Rebni Øvreås i Skjolden.

Jakta intenst i vinter

Det har vore ei intens jakt på jerv i dei indre delane av Sogn. I fjor tok rovdyret 850 sauer og lam på beite, og bøndene fryktar at det vert ein like utfordrande sommar.

– Ja, jerven må vekk elles vert det eit blodbad til sommaren, seier han.

Sauebonden meiner Miljødirektoratet, som deler ut fellingsløyve på rovvilt, burde delt ut fleire fellingsløyve.

– Det er minst ti jerv i området her, og direktoratet har berre delt ut eit fellingsløyve. Vi er ikkje særleg optimistiske med tanke på at vi får vekk jerven.

«Eg fryktar eit nytt blodbad til sommaren»

Arne Rebni Øvreås

Avviser kritikken frå bonden

Seksjonsjef Terje Bø i Miljødirektoratet.

AVVISER: Seksjonssjef Terje Bø i Miljødirektoratet seier han ikkje er uroa over det framleis ikkje er teke jerv i indre Sogn.

Foto: Grete Thobro

Men direktoratet avviser blankt kritikken og hevdar dei har god dialog med Statens naturoppsyn, SNO, som har ansvaret for å ta ut dyret.

– Vi har delt ut eit fellingsløyve, og har tett dialog med SNO om dette. Dei har vore ute på jakt i to rundar i vinter, og vi har god oversikt over dette, seier seksjonssjef for Vilt, Terje Bø.

Treng ikkje fleire enn eit løyve

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

KLAR: Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn er klar til å rykke ut om det vert observert sikre jervespor.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Også rovviltforvaltar i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf, meiner det er lett å få felt fleire dyr om det trengst.

– Vi held dialogen med direktoratet og melder inn behova for felling til dei. Dei tek avgjersla, og vi utfører jobben, seier Golf.

Men å bli kvitt jerven for godt, om dei skulle klare å finne den, er ikkje mogleg.

– Så lenge det er jerv i fjella våre, er det ikkje mogleg å fjerne den heilt, seier rovviltforvaltaren.

Det er observert jervespor og SNO har vore ute for å prøve å felle, utan hell.

– Det har vore ein utfordrande vinter og vanskelege vêrforhold. Dermed har det ikkje vore mogleg å skyte dyr, forklarer Golf.

– Eg håpar jerven vert teken. For vi kan ikkje oppleve det vi opplevde i fjor sommar, seier den fortvila sauebonden i Skjolden.