Hopp til innhold

Bondelagsleiar: – Skandaløst at vi har mista 1400 sauebønder på tjue år

Dei siste tjue åra har det blitt 1400 færre sauebønder i Noreg. Nedgangen er særleg stor i Nord-Noreg og på Vestlandet.

Anders Felde

DRAMATISK: Bondelagsleiar Anders Felde seier nedgangen er alvorleg, og overraskande i eit fylke med så mykje utmark.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mens det stadig blir fleire vinterfôra sau og fleire tusen tonn sauekjøtt ligg på lager her til lands, opplever Vestlandet og Nord-Norge ein kraftig nedgang i talet på sauebruk.

Berre dei siste ti åra har det blitt 301 færre sauebønder i Sogn og Fjordane. Også Troms og Nordland har hatt stor nedgang i tal sauebruk det siste tiåret, skriv Bondebladet.

Det skjer samstundes som talet på vinterfôra sau har auka med nesten 100.000 i Noreg. I tillegg er overfylte lager med sauekjøt eit stort problem.

– Det er ein dramatisk nedgang. Det er alvorleg, og ikkje bra i det heile tatt, seier bondelagsleiar Anders Felde til NRK.

Til Bondebladet seier han at utviklinga er skandaløs.

Små bruk og lite pengar

Årsaka, seier Felde, er dårleg økonomi i det å vere sauebonde, og at fylket har hatt mange små sauebruk.

– Mange mindre sauebruk har blitt større, og det er greitt. Men det er meir dramatisk at talet på sauer blir færre. Økonomien i sauehald har vore dårleg, før den snudde for om lag fem år sidan.

Sjølv om han er bekymra over utviklinga, er det vanskeleg å skulle stimulere til ei auke akkurat no.

– No er det overproduksjon også her, men når situasjonen snur må vi vere på hogget. Vi må motivere sauebøndene slik at vi får fleire sauer, og drive målretta satsing mot dei områda som har mykje utmark. Og då skal vi vere best i klassen på vestlandet, seier bondelagsleiaren.

Mistar dyrka mark

Han meiner veksten burde vore i delar av landet som har med mykje utmark, som nettopp vestlandet og nord-Noreg.

– Vi har veldig gode føresetnader for å drive med sau. Færre sau her betyr at vi pleier området mykje mindre, og at dyrka areal går ut av drift. At veksten har skjedd i delar av landet som har lite utmark er ikkje bra, seier han.

– Viss det berre skal vere store som driv med sau, kan vi ikkje pleie landskapet på same måte, og då vil landskapet gro att. Det er det ingen som ønsker.