Hopp til innhold

Statssekretæren vil ikkje ha bompengar i Førde, men kan ikkje love at det blir slik

Sjølv med bompengemotstandar Framstegspartiet i regjering kan statssekretær, Bård Hoksrud frå Frp, ikkje love at Førdepakken kjem på plass utan bompengar.

Bård Hoksrud på E39-konferanse i Førde, her saman med Oddmund Klakegg

INGEN LOVNADAR: Statssekretær Bård Hoksrud frå Frp, her saman med Jølsterordførar Oddmund Klakegg, kan ikkje love at Førdepakken kjem utan bompengar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har ein samarbeidsavtale med Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti. Desse partia meiner bompengar er ein grei måte å finansiere vegbygging på, men det gjer ikkje vi, seier statssekretær i Samferdsledepartementet, Bård Hoksrud.

Og med den avtalen i botnen kan han ikkje kome med nokon lovnadar om at Førdepakken kjem på plass utan bompengar. Pakken inneheld planar om opprusting av vegar i og rundt Førde for ein milliard kroner.

Framstegspartiet lokalt har vore mot bompengefinansieringa og har gått langt i å seie at regjeringa vil avvise heile pakken.

- Partiet har ikkje endra ståstad

– Eg har stor forståing for Framstegspartiet lokalt. Vi har ikkje blitt meir for bompengar, men avtalen med dei andre partia strekk seg til 2017, og den seier noko om kva handlingsrom vi har, utdjupar Hoksrud.

Førdepakken er etablert som eige AS med kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal som eigarar. Det er venta at ei passering i bomringen vil koste kring 20 kroner, og at det vil ta om lag 12 år før vegbygginga er nedbetalt.

Håpar å få ned bompengekostnadane

Fylkestinget bestemte i desember 2013 å støtte planane om bompengar. Då var det berre dei tre frå Framstegspartiet som stemde mot planane. Fylkesleiar i partiet, Frank Willy Djuvik sa etter avgjerda at det ikkje betydde eit endeleg ja for vegbygging finansiert ved hjelp av innbyggarane sine lommebøker.

Bomring rundt Førde

AKSJON: I forkant av stortingsvalet aksjonerte Frp i Førde for å vise at dei er imot bompengar

Foto: Silje Guddal / NRK

– Sogn og Fjordane blir frå rundt 1. februar neste år, det første bomfrie fylket i Norge. Vi innfrir med det lovnaden til veljarane våre. Då trur eg kanskje det vil sitje langt inne å skulle innføre eit nytt prosjekt att, sa Djuvik til NRK då.

Fylkeskommunen forpliktar seg til å spytte inn 150 millionar kroner, over seks år, frå 2018. Det endelege svaret på korleis resten skal finansierast vil ikkje statssekretæren forskottere no.

– Vi får sjå når Førdepakken kjem opp for behandling kva som er mogleg å gjere med pakken for å redusere eventuelle bompengar. Her og no kan eg ikkje love verken det eine eller andre. Vi må behandle kvar pakke for seg og sjå kva som er mogleg og kva handlingsrom vi har, seier Hoksrud.