Hopp til innhold

– Ja takk til eit mangfald av kroppar

Sarah (27) frå Førde bloggar om rumpa si. Ho meiner folk bør vere meir nøgde med den kroppen dei har.

Bloggaren Sarah set fokus på kroppspress

BLOGGAR OM KROPP: Bloggaren vil ha kroppsmangfald og brukar bloggen sin for å få ut bodskapen sin.

Foto: Sigve Kvamsdal

– Så lenge eg har levd har kroppsidealet vore at ein skal vere lang og tynn. Så eg meiner det er på tide. Ikkje for å rakke ned på det eine eller det andre, men for å vise at uansett korleis ein ser ut er det heilt greitt, seier ho.

Vil at folk skal vere stolte

No når sommaren er her, blir det mykje fokus på kropp og korleis ein skal sjå ut, og undersøkingar har vist at ein av ti unge vil endre på utsjånaden . bloggaren meiner det er trist at folk er misnøgde med kroppane sine.

Kroppsfokus på nett

STOLT: Bloggaren vil at ein skal omfamne alle typar kroppar.

Foto: Sigve Kvamsdal

– Det viktigaste er å vere sunn og å ha eit godt forhold til sin eigen kropp. Det er ingen som tar skade av å trene litt og ete litt betre, men om ein er naturleg tynn eller om ein har litt hofter og rumpe gjer ingenting, så lenge du er stolt av det, seier ho.

Bloggen til 27-åringen, som Dagbladet skreiv om tidlegare i dag, omhandlar dagens kroppsfokus. Der legg bloggarenut bilete av seg sjølv, saman med det ho omtalar som ironiske tekstar og spissformulerte kommentarar, der ho latterleggjer trenden med å ha stor rumpe. Bloggaren har ingen skepsis knytt til det å utlevere seg sjølv.

– I dag utleverer folk seg på alle moglege måtar, gjennom alt frå musikk til blogg, og eg ser ikkje noko gale med å gjere det gjennom ein blogg, fortel ho.

Ingen fasit

Bloggaren Sarah

VER NØGD: 27-åringen ønskjer at alle skal gå sommaren i møte og vere stolte av kroppane sine.

Foto: Privat

Ho meiner det viktigaste med bloggen er at bodskapen kjem klart og tydeleg fram.

– Eg meiner ikkje at folk skal sjå ut som meg, det er ingen som har sagt kva som er riktig eller gale. Eg har fått kommentarar på at store rumper er stygt, men dei fleste kommentarane er positive, seier ho

Kvinna har ei oppfordring til alle som forhåpentlegvis snart skal ut skal ut å nyte sommarsola;

– Det hadde vore ei veldig kjedeleg verd dersom alle såg like ut, så ver glad i det du har, seier bloggaren.