Blir tvinga til å bu nær kraftline

FLORA (NRK): Kjell Tonheim i Flora kommune blir tvinga til å bu 107 meter frå den nye store kraftlina som er lagt over garden hans.

Kjell Tonheim

KRAFTLINESTRID: Kjell Tonheim vil ikkje bu nær kraftline.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg tykkjer det er heilt forferdeleg, seier Tonheim.

58-åringen ønskjer å byggje nytt hus på ein annan stad på garden, men har fått tommelen ned sidan det er regulert område. Samstundes har Tonheim fått brev frå Flora kommune om at han ikkje etterlever buplikta fordi han ikkje bur i huset like ved kraftlina. Tonheim er fortvilt og sint.

– Sjølvsagt visste eg at det var bu- og driveplikt, men det var ikkje noko problem for meg. Eg hadde sett fram til å etablere meg her.

Kjøpte garden i 2011

I april 2011 kjøpte Tonheim gardsbruket på Eikevoll i Flora. Planen var å bytte ut det eksisterande nedslitne gardshuset med eit nytt bustadhus på den same tomta.

– Eg har riveløyve på dette huset, som var gitt etter at eg fekk skøyte på huset i 2011, seier Tonheim.

Det var også planlagt at ein av sønene med kone og barn skulle byggje hus på garden. Men i desember same år vart det kjent at dåverande olje- og energiminister Ola Borten Moe hadde bestemt seg for å endre linetraseen for den nye 420kv-lina , slik at den store kraftlina blir lagt rett over garden. Vedtaket var eit slag i andletet for Tonheim som måtte endre planane radikalt.

– Her skulle det ha stått eit nytt hus som eg kunne ha budd i, men det kjem ikkje til å skje.

Buplikt

Rådmann i Flora, Terje Heggheim, fortel at Tonheim som alle andre må rette seg etter buplikta.

– Han kjøpte eit hus i 2011. I etterkant vart det bygt ei kraftline, men Statnett seier det ikkje skal vere noko problem å bu der. Det må vi stelle oss til, seier Heggheim.

– Kunne du tenkt deg å bu 107 meter frå ei slik kraftline?

– Dette handlar ikkje om kva eg kunne tenkt meg i så måte. Eg skjønar at saka er vanskeleg for Tonheim, seier Heggheim.

Tonheim har signalisert at han ønskjer å byggje nytt hus på ein annan stad på garden, som ligg mykje lenger vekke frå kraftlina. I den samanheng har han søkt om å få bygge veg fram til det komande nye huset, men har fått avslag.

– Slik eg har forstått det så er alt som ikkje er regulert som innmark, regulert til landbruk, natur og friluftsliv, seier Tonheim.

Terje Heggheim

AVVISER AVSLAG: Terje Heggheim er rådmann i Flora.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Heggheim avviser at Tonheim har fått eit endeleg avslag på å byggje nytt hus på ein annan stad på garden.

– Eg er kjent med at vi har fått ein søknad om veg, og ikkje nødvendigvis nye bygg på åsen der han ynskjer å flytte til. Og då kjem vi på kant med plan- og bygningslova.

– Men når de syner til at område er regulert til landbruk, natur og friluftsliv, er ikkje det å tolke som eit nei til å bygge hus?

– Ikkje formelt sett, men det kan vere utfordringar knytt til det. Saka har heller ikkje vore handsama verken administrativ eller politiske, seier Heggheim.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.