Hopp til innhold

Borten Moe avviser kameraderi

Olje- og energiminister Ola Borten Moe skal ha vore på personlege synfaringar med partifellar frå Senterpartiet før han flytta den store kraftlinja vekk frå eigedomane til fire Sp-politikarar. Sjølv meiner han det er tilfeldig at flyttinga vart ein fordel for nettopp dei.

Ola Borten Moe

TILFELDIG: Olje- og energiminister Ola Borten Moe seier det er tilfeldig at det i desse fire tilfella har blitt teke ei avgjerd som er til fordel for lokale Sp-politikarar.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Like før jul i fjor kom ministeren si avgjerd om kor den store kraftlinja Fardal-Ørskog skal gå gjennom Sogn og Fjordane.

TV2 skriv no at ministeren i forkant av avgjerda skal ha hatt eit møte med representantar frå kommunane som blir berørt av linja. Felles for alle som var der var at dei har medlemskap i Senterpartiet.

Det vart aldri skrive referat frå dette møtet i departementet, skriv TV2. Dei meiner vidare å vite at det på dette møtet vart argumentert sterkt for å leggje kraftlinja vekk frå eigedomane til lokale Sp-politikarar.

Trassa råd frå fagetatar

Ifølgje TV-kanalen skal Borten Moe også ha vore på personlege synfaringar, med berre partifellar til stades, før han flytta linja.

I Gaular kommune hadde NVE gått inn for at traseen skulle gå like ved barndomsheimen til fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp), men departementet flytta traseen vekk herfrå.

I Naustdal gjekk departementet vekk frå fleirtalsvedtaket til kommunestyret. TV2 skriv at tidlegare Sp-ordførar Jan Herstad skal ha skrive ei rekkje e-postar til departementet, og at ministeren valde å lytte til den lokale partifellen.

I Bremanger og Flora (Eikefjord) vart NVE og Statnett sine innstillingar lagt til side. I begge tilfella var statsråden si avgjerd til fordel for lokale Senterparti-politikarar.

– Fordel å ha ein minister

Fylkesvaraordførar Jenny Følling forsvarar overfor TV2 at berre Sp-politikarar fekk vere til stades når avgjerda blei teken.

– Det er no slik at det alltid er ein fordel å ha ein minister, seier Følling.

I Eikefjord flytta ministeren linja, her til fordel for to grunneigarar med medlemskap i Senterpartiet. Ein av dei er Sp-politikar i Flora, Kjell Humlestøl.

– Kva er vitsen med å skulle ha tilknyting til eit politisk parti dersom vi ikkje skal kunne jobbe i fellesskap for ei sak, seier Humlestøl til TV2.

Ei som derimot er provosert over ministeren si avgjerd er Nina Liseth. Ho er kommunestyrepolitikar for Høgre og bur i Eikefjord.

– Om det skal vere nok å kjenne ein statsråd for å få det som ein vil, kan ein jo like gjerne berre droppe alle politiske prosessar, seier ho til tv-kanalen.

Minister avviser kameraderi

Ole Borten Moe avviser overfor TV2 heile problemstillinga og seier sakshandsaminga er gjort etter boka.

Han seier det er tilfeldig at det i desse tilfella er gjort endringar i traseen som har blitt til ein fordel for Sp-folk.

– Det er ingenting mystisk ved å gå imot verken kommune eller NVE. Det er ein del av den totalvurderinga som departementet er sett til å gjere.