Hopp til innhold

Bli med på vinterferie i Instedalen

Litt grått og trist ver legg ingen dempar på stemninga i Naustdal. Der kosar 40 born seg i vinterferien med leik og moro.

Instedalen
Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Har du tips om aktivitetar i vinterferien?

Sjølv om snøen manglar mange stader er det likevel mykje du kan finne på, både ute og inne.

Ved dei Heibergske samlingar i Sogn kan du snikre fuglekassar og høyre soger og eventyr. På Sunnfjord folkemuseum i Movika kan du prøve deg på bogeskyting og historiske brettspel.

I tillegg kan du bade ved eit av badeanlegga i Sogn og Fjordane, låne deg ei god bok på biblioteket eller sjå ein film på kino.

Har du tips om ein kjekk aktivitet ute eller inne i vinterferien? Tips oss gjerne på sf@nrk.no.

Vi ønskjer også vise fram bilete frå fjordfylket. Del gjerne dine bilete med oss. Merk dei med #nrksf på Instagram, så hamnar dei på kartet og i galleriet vårt.

Sjå bileta merka med #nrksf på Instagram:

Laster innhold, vennligst vent..