Det er ein vakker vårdag i Førde, men for Antonio kan tankane vere dystrare enn den lyse himmelen. Han er ein av mange tusen som gjennom oppveksten opplevde mobbemarerittet.
– Det var forferdeleg for min del. Eg opplevde verbal og fysisk mobbing. Eg blei slått, dei lugga og spytta. Eg opplevde lærarar som ikkje forstod meg og reiv meg i øyret og slått fingrane mine. Det var ei veldig tragisk tid for meg, fortel Antonio, som vaks opp i Bergen og Førde.
- Les også:
- Les også:
Vil bøteleggje kommunane
– Dette er ein omfattande utgreiing med mange forslag og store grep. Den inneheld ein helt ny og robust politikk mot mobbing, slår Djupedal fast.
Ifølgje utvalet opplever kring 17.000 barn og unge mobbing, og slår fast at det er eit omfattande og alvorleg samfunns- og folkehelseproblem.
Ville ta sitt eige liv
Og for Antonio Flaten gjekk det på helsa laust. Mobbinga køyrde han ned psykisk, resultatet blei sjølvskading og sjølvmordsforsøk. Som adoptert til Norge i 1975 kjende han seg frykteleg aleine.
– Eg hadde det tøft, for eg hadde ikkje nokon å prate med det om som forstod det som eg stod midt oppi. Det var ikkje mange av oss. Eg blei kalla «neger» og «pakkis» av både vaksne og barn, men eg har fortrengt mykje av det. «Kom deg heim att» var det heile tida.
– Korleis påverka dette deg?
– Det resulterte til slutt i innlegging på psykiatrisk og heile den pakka. Det ligg i meg i dag, og mitt liv i dag må eg balansere i forhold til den psyken eg har.
Trur ikkje på fine ord
At det no kjem nye tiltak mot mobbing, meiner Flaten er på tide. Mykje skulle vore gjort for lenge sidan. Han er lei av alle dei fine orda.
– Eg trur ikkje at bøter vil ha nokon god verknad, ein må heller setje inn andre, strengare tiltak mot skulane.
– På kva måte?
– Det er lærarar som bør få ein reaksjon, det kan vere helsesystrer eller rektorar. Det er mange som er ansvarlege for at barn og unge skal ha ein god kvardag.