Hopp til innhold

Frisk konsert på 1000 meter over havet

SOGNDAL (NRK): Stein Torleif Bjella kom på ski, brukte ein skistav som mikrofonstativ, og spelte på ein ganske annleis konsert.

Stein Torleif Bjella rigga seg til på 1000 meters høgde og hels konsert under Fjellsportfestivalen i Sogndal. Foto: Terje Gilleshammer

SJÅ VIDEO: Stein Torleif Bjella måtte kaste inn handkledet etter tre låtar, men gav publikum ei konsertoppleving utanom det vanlege i Sogndal. Foto/redigering: Terje Gilleshammer.

Fjellsportfestivalen i Sogndal kunne laurdag ettermiddag invitere til ein konsert utanom det vanlege. Stein Torleif Bjella skulle spele. Konsertlokalet: Fjellheimen i vinden og snøen ved toppen av heisen på Sogndal Skisenter.

Bjarte Vatlestad hadde teke med seg dottera og greve seg ein liten benk i snøen medan dei venta på artisten.

Publikum på Bjella-konsert

GROV SEG PLASS: Bjarte Vatlestad og dottera i komfortabel, men kald konsert-sitjestilling.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Stein Torleif Bjella er jo blant dei betre vi har her i landet uansett sjanger, så dette blir bra sa Vatlestad medan dei såg artisten sjølv komme på ski fram til scena.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Bjalla-konsert høgt til fjells

SPEKTAKULÆR SCENE: Slik såg det ut på Vardafjellet laurdag ettermiddag.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Gløymde mikrofonstativ

Nokre høgtalarar vart køyrde opp med snøscooter, men elles var scena av det enkle slaget.

I siste liten oppdaga arrangørane at det mangla eit mikrofonstativ. Løysinga vart teip og ein skistav.

Men om scena var provisorisk var bakgrunnen noko ein sjeldan opplever på ein konsert, med litt godvilje og godt syn kunne ein sjå heilt til Hurrungane.

Torunn Seim

– EI OPPLEVING: Publikumar Torunn Seim.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Det er heilt fantastisk og eit heilt fantastisk område dette her og vi er veldig for at mange får sjå kor fint det er her sa Torunn Seim som hadde rigga seg til i det kalde vinden.

Iskald vind og nakne fingrar

Det vart med tre songar i den iskalde vinden. Nakne fingrar mot kalde gitarstrengar kravde sitt.

Men Vatlestad var godt nøgd likevel

– Det var kjempebra dette her, sikkert kaldt på fingrane. Han er sporty som stiller opp sa Vatlestad

(Artikkelen held fram under biletet.)

Publikum på Bjella til fjells

PUBLIKUM: Eit femtitals personar hadde tatt seg opp til 1000 meters høgde for å høyre Bjella spele live.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Hyggeleg publikum

Og sjølv om artisten sjølv var iskald på fingrane syns han det var eit artig påfunn

Stein Torleif Bjella

KOM PÅ SKI: Hallingdølen Stein Torleif Bjella fekk vist publikum at han kan meir enn å synge.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Det var kjempemoro, det er ei gåve og få oppleve slikt, og hyggeleg publikum og, eg syns det var moro eg sa Stein Torleif Bjella før han tok på seg skia

Truleg blir det fyrst og siste gong med skistav som mikrofonstativ.

– Eg er veldig fornøgd med å ha prøvd det, så fekk eg gjort det og seier Bjella med eit smil før publikum forlét det store konsertlokalet og tilbake til skiløypene