Hopp til innhold

Dei unngår bratt terreng - skredfaren er for stor

Under Fjellsportfestivalen i Sogndal kryr det av folk som likar bratt moro, men i år held dei seg unna dei brattaste fjellsidene.

På Vestlandet er skredfaren stor no - så stor at erfarne fjellguidar ber folk visa stor varsemd i bratt terreng.

Skredfaren er rett og slett for stor. Gjert Grødal er mellom skiguidane som ikkje tek med seg folk opp i bratte område der snøen er ustabil.

– Vi kan nærme oss, men i så fall må vi kunne trekke oss fort ut.

Men denne dagen heldt dei seg langt unna den fristande steile ryggen og valde i staden ein kort tur opp på ein låg ås.

Sjå innslag i Vestlandsrevyen over.