NRK Meny
Normal

No kan det bli jul i Undredal - begge dei skorfaste geitene er berga

Dramaet kring dei to geitene som stod skorfaste over Aurlandsfjorden enda lukkeleg. No er også Birka berga.

Birka er redda

GLAD: Seint torsdag kveld var Birka heime. F.v. redningsmann Vilde Mikael Rostad, Birka og Andreas Aspevoll.

Foto: David Underdal

I dag vart geita heisa opp frå fjellhylla der ho hadde vore i ufriviljug eksil i meir enn tre veker, fortel ein glad eigar, David Underdal.

– Det er veldig flott, no er det snart jul, og då er det godt å vite at begge geitene er berga.

Då vi snakka med Underdal litt før klokka 15 stod det berre att å heise Birka opp den siste kneika før dei kunne sleppe ho laus slik at ho kunne gå på eigne bein heim til fjøsen.

SISTE: Først klokka 19.15 var Birka komme trygt ned i båten. Framleis står arbeidet med å rydde ned utstyr att.

I helga tok fjellklatrarar frå Sogndal folkehøgskule seg ned til fjellhylla der geitene Natalia og Birka hadde gått seg fast. Dei fekk tak i Natalia og fekk henne trygt heim til geitefjøsen i Undredal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Glad geit

SVOLTEN: Birka såg tilsynelatande lite prega ut då ho kom ned, men svolten og tørst var ho, etter tre veker i utlendigheit.

Foto: David Underdal

Bergensar melde seg

Men Birka let seg ikkje lokke nær nok til at dei kunne få tak i henne, og dermed vart ho verande åleine på fjellhylla. Bergingsaksjonen vart heitt mediestoff, både her på nrk.no og på TV, og familien Baudonnel/Underdal som eig geita vart kontakta av fleire som ville hjelpe.

Ein av dei er Vilde Mikael Rostad, som bur i Bergen og som driv firmaet Fjellgeit AS. Han ville redde geitene i regi av DNFD - den norske frivillige dyreredningstjenesten. Tysdag kom han til Undredal, og på ettermiddagen tok han seg til fjells og fira seg ned på fjellhylla til Birka.

Geit i Undredal

OVERNATTA MED BIRKA: Vilde Mikael Rostad tok seg god tid for å vinne tillit hjå Birka.

Foto: NRK/Vilde Mikael Rostad, Fjellgeit AS

Lokka med eple og høy

Der tok han seg god tid. Han kasta eit eple bort til Birka, det åt ho med god appetitt. Så rigga han seg til og overnatta på fjellhylla. Ho fekk også høy, slik at ho skulle bli endå meir fortruleg med han.

– Men han gav ikkje frå seg alt høyet før i dag, han måtte ha noko å ligge på i natt, seier Underdal.

Og i 10-tida fekk han tak i geita og fekk lagt ho i ein sele og fekk ho eit stykke oppover i fjellsida før dei måtte ta ein pause for å få lade opp vinsjen dei brukar. David Underdal reknar med at dei skal få Birka heilt opp før det blir mørkt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Endeleg nede

NEDE: Her er Birka endeleg nede frå fjellhylla, og på veg inn i båten. F.v. Andreas Aspevoll, Birka og Pascale Baudonnel.

Foto: David Underdal
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.