Hopp til innhold

Overnatta på fjellhylle for å berge Birka

I dag er det håp om at også geita Birka kan kome velberga heimatt til geitefjøsen i Undredal. For i natt har ho hatt selskap på fjellhylla der ho sit skorfast.

Geit i Undredal

LUFTIG: Høgt oppe i denne fjellsida har Vilde Mikael Rostad overnatta saman med Birka.

Foto: NRK/Vilde Mikael Rostad, Fjellgeit AS

Ein fjellvand kar frå Bergen har i natt overnatta på fjellhylla saman med geita Birka for å prøve å vinne tillit slik at han kan berge ho.

Geita Birka i skorfeste

FEKK HØY: Birka legg i seg av høyet Rostad hadde med seg ned på fjellhylla.

Foto: Vilde Mikael Rostad, / Fjellgeit AS

I helga fekk dei hjelp av klatrarar frå Sogndal folkehøgskule, og dei greidde å berge ned dei eine av dei to geitene som stod fast, Natalia. Men Birka let seg ikkje lokke nær nok til at dei fekk tak i ho.

Dramaet med dei to geitene fekk stor merksemd, mellom anna på TV og i nettartiklar.

David Underdal fortel at dei vart kontakta av bergensaren Vilde Mikael Rostad etter at historia om dei to skorfaste geitene vart kjend i media. I går ettermiddag klatra Rostad ned på fjellhylla over Aurlandsfjorden.

Har gitt Birka høy og eple

– Han ville bruke tid på å overnatte og prøve å få kontakt med geita over litt tid. Han held på med det no. Han har sendt oss mms-foto som viser at han har kome mykje nærmare geita, så dette lovar bra.

Rostad har gitt Birka eit eple og litt høy. Planen er å heise geita opp når han eventuelt får tak i ho, fortel Underdal.

– Vi håpar at geita held seg nær han og at han greier å få ho opp, seier David Underdal, medan han set seg i båten for å dra ut for å ta imot Birka.

Vilde Mikael Rostad bur i Bergen og driv firmaet Fjellgeit AS.