Hopp til innhold

Betalte ut erstatning i 16 saker

Norsk Pasientskadeerstatning betalte ut erstatning i 16 saker etter feilbehandling i Helse Førde i fjor. Ei av sakene enda med sjølvmord.

Førde sentralsjukehus

FÆRRE SAKER: I 2014 vart det retta 61 krav om erstatning mot Helse Førde etter feilbehandling. 45 av sakene vart avviste.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Dette er saker frå ulike fagområde. Ortopedi har flest saker. Det er ikkje spesielt for Helse Førde, slik er det over heile landet. Kirurgisk og Kvinneklinikken har ein del saker, og psykiatrien har nokre saker. Ein kan ikkje seie at det er noko tydeleg mønster, seier fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde.

Vart skriven ut frå psykiatrisk

Til saman 61 saker etter behandling i Helse Førde vart ferdighandsama hos Norsk Pasientskadeerstatning i fjor. 45 fekk avslag, mens 16 saker fekk medhald. Det går fram av møtedokumenta til styremøte i Helse Førde førstkommande fredag.

Til saman vart det betalt ut erstatning på 784.826 kroner.

Ei av sakene fekk Helse Førde nyleg krass kritikk av Fylkeslegen for:

Ei kvinne i 30-åra tok sitt eige liv etter å ha blitt skriven ut frå psykiatrisk klinikk. Fylkeslegen konkluderte med at pasienten sin tilstand burde vore betre greia ut, med innlegging i psykiatrisk avdeling. Sjølvmord kunne då sannsynleg vore avverja.

Dei etterlatne til kvinna er tilkjent erstatning for svikt i behandlinga.

(Sjå heile lista over pasientskadesaker nedst i artikkelen.)

Håpar å lære av feila

– Sakene som får medhald er veldig gode utgangspunkt for læring. Her har det vore uavhengige sakkunnige frå andre deler av landet som har vurdert det. Det har nok stor tyngde i læring inn i organisasjonen. Vi legg stor vekt på å bruke desse sakene til læring.

Breidablik seier på generelt grunnlag at det er vanskeleg å gradere sakene som har enda med erstatning.

Hans Johan Breidablik

SER EIN NEDGANG: Fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde belastninga feilbehandling gir pasientar og pårørdane, men er glad talet på klagesaker går ned.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Eg trur ikkje det er råd å rangere desse sakene. Dette er kvar for seg pasientar som har opplevd ting som ikkje har gått slik det skulle.

Færre saker

Fagdirektøren gler seg derimot over at helseføretaket har opplevd ein markant nedgang i talet på saker etter det dystre toppåret 2012.

– Vi hadde ein topp i 2012 på 81 saker, mens det gjekk monaleg ned i 2013. Og det ligg omtrent på same nivå i 2014. Viss vi skal vere forsiktige optimistar, så får vi tru at det er reell nedgang i talet på skadde pasientar. Det er vi sjølvsagt glade for.

Mens talet på klagesaker går ned, har utbetalingssummane dei siste åra auka. Det skjer etter nasjonale føringar. Breidablik trur også terskelen for å klage på feilbehandling er blitt lågare.

142.000 pasientar

I 2014 hadde utførte dei somatiske tenestene i Helse Førde 117.000 pasientkonsultasjonar. Det vart registrert 18.500 sjukehusinnleggingar og 12.000 dagbehandlingar.

Psykiatrien hadde 25.000 liggedøgn og 25.000 konsultasjonar på poliklinikkane.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Prehospitalt bygg, Helse Førde

NÆR 800.000 I ERSTATNING: 16 pasientar og pårørande får erstatning etter feilbehandling i Helse Førde i 2014.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Desse fekk erstatning etter behandling i Helse Førde:

1. Kvinne i 20-åra fekk erstatning for forseinka diagnostisering og behandling av fingerskade. Skaden blei påført som sjølvskade, pasienten hadde sjølvskadeproblematikk.

2. Kvinne i 40-åra fekk erstatning for rotasjonsfeilstilling i ein legg, og følgjene av det, etter eit brot i leggen.

3. Mann i 50-åra fekk erstatning for smerter og feilstilling av finger etter behandling av ein brotskade.

4. Kvinne i 50-åra har fått behandling for kreft. Ho fekk erstatning for hjartesvikt som biverknad av medisin. Hjartesvikten medførte pustevanskar og nedsett funksjonsnivå i ein periode på seks månader.

5. Mann i 60-åra fekk erstatning for forlenga sjukdomsgang og behandling som følgje av infeksjon etter operasjon av grunnledd i stortå.

6. Kvinne i 40-åra fekk erstatning for forsinka diagnostisering av livmorhalskreft på ca. 1,5 år.

7. Kvinne i 60-åra fekk erstatning for ryggmergsbetennelse og nedsett førlighet i begge bein etter spinalbedøving.

8. Mann i 50-åra fekk erstatning for oppstått forskjell i lengda på beina og nedsynking av protese med haltande gonge som følgje etter hofteproteseoperasjon.

9. Mann i 20-åra fekk erstatning for feilstilling etter operasjon for lårhalsbrot og behov for tidleg reoperasjon og følgjer av dette med infeksjon, samt hofte utan leddhovud.

10. Kvinne i 20-åra fekk erstatning for auka smerteplager i arm etter operasjon og følgjer av dette.

11. Kvinne i 60-åra fekk erstatning for oppstått nerveskade i handledd under operasjon og følgjene av dette med smerter og nedsett styrke og funksjon i handa.

12. Kvinne i 40-åra fekk erstatning for forseinking på tre år på diagnostisering og behandling av lungekreft, og følgjene av dette med plager og forverra prognose.

13. Mann i 60-åra fekk erstatning for infeksjon og følgjer av dette etter ein operasjon i skulder.

14. Etterlatne til kvinne i 30-åra som tok sjølvmord fekk erstatning for svikt i behandlinga. Pasienten burde vore nærare greia ut og behandla med innlegging i psykiatrisk avdeling. Sjølvmord kunne då sannsynleg vore avverja.

15. Mann i 30-åra fekk erstatning for plager etter skulderoperasjon og forlenga sjukdomsgang.

16. Kvinne i 60-åra fekk erstatning for total urinretensjon (mangelfull vasslating) etter ein framfallsoperasjon. Det var gjort mangelfull utgreiing og det ikkje var medisinsk grunnlag for operasjonen.

Kjelde: Helse Førde