Hopp til innhold

Helse Førde får kritikk etter sjølvmord

Fylkeslegen meiner det var fagleg uforsvarleg at ein psykiatrisk pasient blei utskriven utan at det blei gjort ei vurdering av fare for sjølvmord.

Førde sentralsjukehus

FÅR KRITIKK: Helse Førde får kritikk etter at ein pasient døydde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Pasienten tok livet sitt i 2013 og no får Helse Førde kritikk frå fylkeslegen etter at tilsynssaka er handsama.

Fylkeslegen skriv i ei pressemelding at Helse Førde sine rutinar kring ansvarstilhøve på dette området var uklare, og at Helse Førde har endra rutinane etter hendinga.

– Vi veit at eitt av punkta i vår avgjerd allereie er retta. Det andre punktet blir teke opp av Helse Førde internt og dei er nøydde til å endre praksis på det området, seier fylkeslege Per Stensland.

Fekk ikkje informasjon

Fylkeslegen fann det ikkje tilstrekkeleg dokumentert at pasienten fekk den naudsynte informasjonen for at han skulle kunne ta i vare rettane sine og eventuelt klage på behandlingstilbodet.

– Dersom ein pasient ber om ein type behandling og ikkje kan få det, men får noko anna, så har han også rett til å klage på denne avgjerda, seier Stensland og seier dette er ein viktig pasientrett.

Per Stensland

FYLKESLEGE: Per Stensland rettar kritikk mot Helse Førde etter at ein psykiatrisk pasient tok livet sitt.

Foto: Arne Stubhaug

– Det er ein del av systemet vi har for rettstryggleik, også i behandling av pasientar, at ein skal ha moglegheit til å både få det ein kallar «second opinion», men også at det organet eller personane som har tatt avgjerda skal få høve til å revurdere den etter ein klage frå pasienten, seier Stensland.

Ikkje usamde

Fylkeslegen kommenterte også delar av behandlinga som dei meiner ikkje var i tråd med god praksis utan at dei fann brot på kravet til forsvarlege tenester.

Fungerande klinikkdirektør, Svein Ove Alisøy, seier til Firda at dei ikkje er usamde i konklusjonen frå Fylkeslegen.

– Vi endra uklare rutinar kort tid etter hendinga, seier han til avisa.