NRK Meny
Normal

Best av dei norske, men likevel skuffa

Anders Fannemel fekk vanskelege forhold å hoppe i under søndagens konkurranse. Når andre omgang også vart avlyst og revansj utanfor rekkevidde, var skuffelsen stor for honndølen.

Anders Fannemel

SKUFFA: Anders Fannemel vart best av dei norske i begge konkurransane på Lillehammer, men han hadde håpt på betre plassering søndag.

Foto: Jens Meyer / Ap

– Det er synd, eg føler at eg kunne tatt igjen dei i toppen. Sju poeng er ikkje mykje med desse forholda, seier Anders Fannemel etter at andre omgang av hopprennet er avlyst.

Forholda var utfordrande for hopparane på Lillehammer søndag. Første omgang vart utsett i nær tre kvarter etter at berre nokre få hopparar hadde susa over hoppkanten. Det dårlege vêret heldt fram, og sørga også for at finaleomgangen vart avlyst.

– Det var tunge forhold over kulen, og eg hadde ikkje nok høgde til å fly heilt ned. Det var eit bra hopp og eg hadde god kontroll på skia, men eg får det ikkje til med dei forholda, forklarar Fannemel.

Pallplass samanlagt

Trass i skuffinga etter avlyst revansjesjanse, vart Fannemel best av dei norske med sin 6. plass. Han strekte seg til 131 meter og fekk 146, 5 poeng. Dermed var det knappe tre poeng opp til pallplass. Tsjekkiske Roman Koudelks vann rennet, etter eit hopp på 140 meter. Under laurdagens vart honndølen også best av dei norske, med andreplass.

Fannemel har som målsetting å vere topp-ti i alle renn, og har til no klart målsettinga. Etter konkurransane i helga ligg han også på tredjeplass i verdscupen samanlagt.

– No må eg halde det gåande og jobbe vidare. Det er mange månadar att av sesongen, så eg kan ikkje sleppe opp enno, seier Fannemel.

Vegopning på Bergum i Førde kommune